Dans som eit plankton!

20/06/2014

Eg studerer dyreplankton. Vanlegvis når eg seier det får eg undrande blikk tilbake, og eg forklarar at det er små dyr som flyt med havstraumane. Kanskje held dei undrande blikka fram, og eg seier «sånn som krill». Dette vekker kanskje assosiasjonar til kval som mesker seg med krill rundt Antarktis, eller dei slitsame seljarane som pushar omega-3-tablettar ved Karl Johan. Men dyreplankton er mykje meir enn krill!

 

Krillen er eit dyreplankton folk flest har høyrd om. Dette er ein Meganyctiphanes norvegica, ein vanleg art i Norskehavet

Krill er eit dyreplankton folk flest har høyrd om. Her er  Meganyctiphanes norvegica, ein vanleg art i Norskehavet. Foto: Wikimedia Commons

Krepsdyra, som krill høyrer til, er rett nok ein viktig del av dyreplanktonet, særleg her hos oss i nord. Underklassa hoppekreps (Copepoda) er faktisk dei mest talrike dyra på kloden! Men ei anna viktig gruppe dyreplankton, som ofte dominerer i varmare strøk, er geléplankton. Du kjenner sikkert til den utrivelege badegjesten brennmaneten? Mange andre dyr høyrer også til samlegruppa geléplankton – dyr med gjennomsiktig og geléaktig kropp. Du kan lese om korleis klimaendringar kanskje fører til fleire manetar i eit tidlegare blogginnlegg.

 

Manetar er også dyreplankton, for sjølv om dei kan vere store, er dei ikkje så sterke at dei kan symje mot straumen!

Manetar er også dyreplankton. For sjølv om dei kan vere store, klarer dei ikkje å symje mot straumen. Foto: Wikimedia Commons

 

Dyreplankton høyrer ikkje til ei felles fylogenetisk linje, det vil seie, dei har ikkje ein felles evolusjonær stamfar som bare tilhøyrer denne gruppa. I staden er dyreplankton definert ut i frå korleis dei rører seg. Plankton er dyr (dyreplankton, zooplankton) eller plantar (planteplankton, phytoplankton) som driv med vannmassane. Det vil ikkje seie at dei ikkje kan symje, men dei er ikkje sterke nok, eller store nok, til å symje mot straumen. Fisk er dermed ikkje plankton, men fiskelarvar er det. Dei blir kalla ichtyoplankton – fiskeplankton.

Når vi er på tokt og tar prøver av dyreplankton kan vi måle mengden av ein art akkurat der og da. Men på grunn av havstraumar kan vi ikkje vite kor dyreplanktonet vi fangar har vore tidlegare. Vi kan måle havstraumar med ulike instrument, men å dekke eit større område blir fort vanskeleg. Og kva om vi jobbar med historiske data av dyreplankton?

 

Eg forskar på hoppekreps (copepoder), "havets insekt". Det er faktisk dei mest talrike fleircella dyra på planeten, og slår sjølv insekta på land!

Eg forskar på hoppekreps (copepoder). Dette er dei mest talrike dyra på planeten, og slår sjølv insekta! Foto: Wikimedia Commons

 

Hydrodynamiske modellar simulerer havstraumar ved hjelp av metrologiske data. Ved å kople slike modellar til modellar som simulerer dyreplankton kan vi studere korleis dei driv med havstraumane. I mi forsking prøver eg å finne ut kor dyreplankton vi finn i Barentshavet på våren blei klekt som egg tidlegare på sein-vintaren, kor langt dei har reist før vi får dei i prøvene våre, og korleis dette varierer mellom år.  Slik kunnskap er nyttig for å forstå variasjonen i mattilgangen til dyra som har dyreplankton til føde, og som vi sjølv liker å ha på tallerkenen. Fisk som sild og makrell, og larvane til torsken, til dømes. (Personleg synes eg det er kult å vite korleis plankton ferdast uansett!)

Uheldigvis er det ikkje så lett å spå kor dyreplankton kjem frå, sjølv med avanserte havmodellar. For medan dyreplankton ikkje kan symje mot straumen, kan dei flytte seg opp og ned i vatnet. Og små forskjellar i djup kan gi svært ulike driftmønster, som ei forskingsgruppe i Bergen viste for torskelarvar langs Norskekysten. Vi kan legge til vertikalvandring, altså rørsler opp og ned i vatnet, i dyreplankton-modellane, men da må vi først ta stilling til fleire spørsmål: Kor langt ned i vatnet skal dyreplanktonet mitt gå? Korleis skal dette variere i tid? Med alder? …

Medan ein grublar over slike spørsmål kan det vere fint å ta ei pause med dette klippet av det som kanskje er verdas vakraste dyreplankton – sjøengelen. Det kallar eg ein dans!

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr