, , , , , , ,

Luke 12: Eit seigliva slimhode

12/12/2016
5 min read
Luke 12: Eit seigliva slimhode

Bli med ned i det mørke djuphavet og møt ein fisk som kan ha levd samtidig som tippoldemora di!

 

orange_roughy
Bak julekalenderluke nummer 12 skjuler det seg ein fisk som liker seg nede i det mørke djuphavet og som kan bli overraskande gammal… Illustrasjon: Wikimedia Commons.

 

Sett deg inn i ubåten og bli med Marinbiologene nedover, til ei kald og mørk verd… Frå dybdemåleren viser 180 meter, og heilt ned til 1800 meters djup, i den bekmørke “midnattssona”, kan det hende vi treffer på ein fisk som ikkje har noko norsk namn, men som på engelsk heiter orange roughy, og svenskane kallar Atlantisk soldatfisk. Sidan vi er på ekspedisjon bruker vi det vitskapelege, latinske namnet: Hoplosteshus atlanticus.

Lyskastarane frå ubåten viser at vi har kome ned til eit undersjøisk fjell, ein formasjon som minner om fjell på land, men som ikkje bryt havoverflata. Det undersjøiske fjellet er ein oase i den ellers aude djuphavssletta, korallar og svampar dannar rev langs fjellryggen, og det yrer det av liv: skalldyr, småfisk, pigghudar… Økosystemet her nede er basert på produksjonen som dei gunstige havstraumane rundt fjellet sørger for. Vi ser akkar, tunfisk, og der er ein hai! Dei er innom det undersjøiske fjellet for å fråtse i all maten her. Og så får vi auge på ei stor gruppe raude fisk med rund kropp, som er ute etter småfisk og skalldyr: vår venn H. atlanticus.

 

 

Forskarar før oss har målt radioaktivt materiale frå øyresteinane til H. atlanticus, og oppdaga fisk som truleg var opp mot 149 år gamle. Sjølv om talet er omdiskutert, vil det seie at nokre av fiskane vi ser kan ha levd under den amerikanske borgarkrigen! Ikkje bare blir H. atlanticus eldgamal, den er også veldig treig med å stifte familie: den blir først kjønnsmoden i 30-årsalderen, og har låg reproduksjon (til fisk å vere).

 

Forskarar prøver å forstå biologien til djuphavsfisken Hoplostethus atlanticus, som kor gammal den eigentleg kan bli. Kjelde: CSIRO/Wikimedia Commons.
Forskarar prøver å forstå biologien til djuphavsfisken H. atlanticus, som kor gammal den eigentleg kan bli. Kjelde: CSIRO/Wikimedia Commons.

 

Over oss høyrer vi båtdur, ein fisketrålar er på veg. Mange fiskarar kjenner nemleg til dei undersjøiske fjella, og veit at dei kan fange store mengdar H. atlanticus her. Namnet «orange roughy» blei visstnok valt for å markedsføre fisken som mat, det eigentlege engelske namnet på denne gruppa fisk er slime head, altså slimhode. Kanskje ikkje så freistande? Orange roughy slo i alle fall an, og særleg New Zealand og Australia har hatt store fiskeri rundt denne arten. Men på grunn av den høge alderen ved kjønnsmodning og låge reproduksjonsevna er H. atlanticus svært sårbar for overfiske, og etter tiår med hardt fiske kollapsa bestandane i fleire område. Dei fleste miljøorganisasjonar og sjømatsguidar (som Greenpeace) åtvarar difor mot å kjøpe orange roughy. 

To andre grunnar til å la vere å ete H. atlanticus er at den, på grunn av den høge alderen, akkumulerer mykje kvikksølv. I tillegg blir den fanga med botntrål, som er skadeleg for dyrelivet på havbotnen, slik som korallrevet på det undersjøiske fjellet. Så vi lar fiskane vere i fred nede i havdjupet, og tar turen opp mot overflata og adventstida igjen.

 

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.