Fargerik nudist i fjorden

07/04/2017

Nakensneglen Flabellina pedata er lett å kjenne igjen på den lilla fargen. Foto: Rune Edvin Haldorsen.

 

For mange fritidsdykkarar er nakensneglar det aller største. Rett nok er dei som oftast ikkje så omfangsrike, så ein treng litt trening for få auge på desse vakre dyra. Men når du har teknikken på plass opnar det seg ei ny verd av fargar og fasongar!

Nakensneglar er ei gruppe marine sneglar (Nudibranchia) som har kvitta seg med sneglehuset. Som for å bøte på manglande klede er dei ofte fargesprakande, med mange stilige vedheng. Det er funne omlag 90 ulike artar langs Norskekysten. Her lev dei det glade liv som hermafrodittar (hann og ho samtidig) og rovdyr på mellom anna nesledyr, korallar og svampar.

Om du tar turen under overflata i Oslofjorden er sjansen stor for å treffe på frynsesneglen Flabellina lineata. Den sit ofte på hydroide-stilkar, og kan med dei lange, raude vedhenga minne om julepynt.

 

Nakensneglen Flabellina lineata er eit vanleg syn i Oslofjorden. Foto: Rune Edvin Haldorsen.

 

Slektskap hos nakensneglar er ikkje rett fram, og det ryktast at Flabellina lineata eigentleg er to ulike artar. Du kan lese om dette og mykje anna på denne bloggen om nakensneglar i Norge.

 

«Livet i Oslofjorden» er eit samarbeid mellom Marinreparatørene og Marinbiologene.no. Kvar fredag framover publiserer vi bilete tatt av undervannsfotograf Rune Edvin Haldorsen. Saman ønsker vi deg ei god, marin helg!


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

10kr 20kr 30kr

Legg inn en kommentar