Hipp, hipp hurra for havet!

08/06/2014

I dag, 8. juni er det World Oceans Day (WOD), ein dag via til det blå hav! Bli med på feiringa med vår årlege hav-speleliste!

Korallsamfunn i Great Barrier Reef. Foto: Wikimedia Commons

Korallsamfunn i Great Barrier Reef. Foto: Wikimedia Commons

Juni har så langt vore farga i grønt. Du har kanskje fått med deg at vi har hatt «Grønn Uke» i Oslo denne veka? Eller at 5. juni var  Verdas miljødag? Uansett, i dag kler vi oss i blått og avsluttar den grøne veka med verdas havdag! Havdagen har i regi av FN vore markert sidan 2009, og er ein dag  der vi rettar søkelyset på den viktige rolla havet spelar for planeten vår. Havet er matfat, klimaregulator, energikjelde, rekreasjonskjelde, og ikkje minst heim til fantastisk mange, og i stor grad ukjende, artar!

Havet er truga frå fleira hald: klimaendringar, overfiske, olje- og mineralutvinning, forsøpling og utslepp av giftstoff – for å nemne nokre. På Verdas havdag kan vi tenke over korleis vi kan jobbe for eit bedre havmiljø, både på liten og stor skala. I fjor serverte vi tre tips til korleis DU kan hjelpe havet på Marinbiobloggen, til dømes ved å velge bærekraftig sjømat med Grønt Napp.

Vi håper du vil feire dagen med oss. For å sette deg i rett stemning har vi tradisjonen tro satt saman ei eigen hav-speleliste. Du kan finne den her, eller ved å søke på Marinbiologene.no på Spotify.

Ha ein fantastisk havdag 2014!

Havhilsen fra

Guri, Marianne og Kristina

 

 

 

 

 

 

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr