, , , , ,

Luke 14: Store Vennlege Kjempe

14/12/2016
4 min read
Luke 14: Store Vennlege Kjempe
rhtyp_u0_white_bg
Denne illustrasjonen viser kor stort dyret bak dagens luke er. Om lag som ein middels rutebuss. Kjelde: Wikimedia Commons/Fishbase.org

 

Bak luke nummer 14 har vi pressa inn den største fisken vi fann. Men sjølv om ein hai så stor som ein kval kan verke skremmande, minner denne giganten meir om Roald Dahl sin Store Vennlige Kjempe.

Hels på ein fisk med verdsrekord: Kvalhaien (Rhincodon typus) er den største haien, og dermed den største fisken, i havet. Denne kjempen kan truleg bli 18 til 20 meter lang, sjølv om individ på meir enn 12 meter og ca 20 tonn er sjeldne (tenk på det som ein symjande rutebuss). Trass namnet er dei nærmaste slektningane til kvalhaien ikkje kvalar, men ei gruppe ganske ukjende djuphavs-haiar som stort sett manglar norske namn.

 

14803195_10154154167857987_1617568868_o
Den store munnen bruker kvalhaien til å filtrere vatnet for plankton, fiske-egg og småfisk. Foto: (c) WWF Indonesia/Casandra Tania

 

Kvalhaien er er ein verdsborgar som lev i alle subtropiske og tropiske havområde med temperaturar mellom 18 og 30 gradar, utanom Middelhavet. Mesteparten av livet er kvalhaien ute i det opne havet, der den legg ut på lange vandringar. Til dømes trur forskarar at kvalhaien migrerer over 4000 km frå Ningaloo på vestkysten av Australia, gjennom Indonesia, og nord til Filippinene.

Sjølv om ein 12 meter lang hai kan verke skremmande, er kvalhaien heilt ufarleg. For trass den imponerande storleiken har kvalhaien ein minimal diett, bokstaveleg talt. Nett som dei store bardekvalane lev kvahaien av å filtrere vatnet for plankton, fiske-egg og små stimfisk som ansjos. Kvalhaien blir ofte observert nær havoverflata, der den sym med open munn i sakte fart (rundt 5 km/t). Ein kan også kjenne den igjen på den grå og kvitflekka hudfargen, der mønsteret av kvite flekkar truleg er unikt for kvart individ.

 

Kjelde: IUCN (http://www.iucnredlist.org/)
Kvalhaien er ein «globetrottar» som lev i alle subtropiske og tropiske havområde (merka med gult). Kjelde: IUCN

 

Medan fisk flest legg egg i vatnet utan mykje foreldre-oppfølging, bruker kvalhaien og dei fleste andre haiar ein annan strategi kalla ovovivipari. Det befrukta egget til kvalhaien klekk inne i kroppen til mora, og når kvalhai-babyen har nådd rundt 60 cm kjem den ut, fiks ferdig. Skjønt, heilt ferdig er den ikkje. Medan vi når puberteten i tenåra, blir ikkje kvalhaien kjønnsmoden før den når omlag 30 år og 9 meter. Med dette treige livsløpet trur forskarar at kvalhaien kan bli veldig gamal, kanskje opp mot 150 år!

 

14787088_10154154168242987_353745961_o
To kvalhaiar kryssar veg. Mønsteret av kvite flekkar er truleg unikt for kvart individ, som eit fingeravtrykk. Foto: (c) WWF Indonesia/Casandra Tania

 

Ofte kjem store grupper kvalhai inn mot kystområde med god mattilgang, noko som aukar sjansen for å bli tatt som bifangst, men også å bli “jakta på” av turistar. Sjølv om såkalla økoturisme kan gi økonomisk gevinst til å ta vare på truga dyreartar, har dykking og snorkling med kvalhai i nokre område blitt så big business at det har blitt ein fare for kvalhaien (les meir her). Kvalhaien er ein freda art i mange land (sjå faktaboks under), men samanstøyt med båtar er eit stort problem. Det trengs difor innsats og kunnskap for å ta vare på denne Store Vennlege Kjempen.

Dette innlegget er skrive av marinbiolog Casandra Tania og omsett frå engelsk av Kristina Kvile. Casandra jobbar for WWF Indonesia og har sidan 2011 forska på, og vore fascinert av, kvalhai i Teluk Cenderawasih National Park (Indonesisk Papua). 

Bevaring av kvalhaien

  • I 2000 blei kvalhaien raudlista (erklært truga) av Verdas naturvernunion (IUCN). Det vil seie at i løpet av 10 år, eller tre generasjonar, har kvalhai-bestanden blitt redusert med 20 til 50%.
  • I 2002 blei kvalhaien inkludert i Liste II i FN-konvensjonen for regulering av internasjonal handel og transport med truga artar (CITES), som betyr at den er ikkje er direkte truga, men vil bli truga om den ikkje blir verna med strenge lover.
  • I mange land, inkludert Australia, Honduras, India, Indonesia, Maldivene, Filippinene, i tillegg til Taiwan og austkysten av USA, er kvalhaien freda og all handel med kvalhai-produkt er forbode.
  • Kvalhaien er i dag kategorisert som sterkt truga av IUCN. Dette er arter som har “høg risiko for å døy ut, nærare bestemt 20 % risiko for å døy ut fra 20 til 100 år fram i tid” (iucnredlist.org).

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.