, , , , , ,

Tungvektar på havisen

14/06/2022
4 min read
Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

Ein flokk kvalross kjempar om plassen på eit isflak i Beringstredet. Foto: Roger Topp

Nokon meiner Julenissen bor på Nordpolen. Vi i Marinbiologene er meir opptatt av dei fantastiske dyra som lev i Arktis. Vi har tidlegare blitt kjend med storkobba, narkvalen og grønlandskvalen. I dag møter vi ein annan arktisk kjempe: kvalrossen (Odobaenus rosmarus). Det er den største selarten i norske farvatn, ein vaksen hann kan vege opp mot to tonn og ha eit spekklag på 15 cm! Det kjem godt med når du bor på havis.

Kvalross kan bruke tennene til å halde hovudet over vatnet, bokstaveleg talt! Foto: Wikimedia Commons.

Kjennemerket til kvalrossen er dei kraftige støyttennene, som eigentleg er omdanna hjørnetenner. Dei blir brukt til kamp, forsvar, men òg til meir fredfulle aktivitetar som å ta ein høneblund trygt forankra i isen (sjå bilete over)! Få dyr tør å ta opp kampen med desse støyttennene. Isbjørn og spekkhoggar er dei einaste naturlege fiendane til kvalross, og dei tar stort sett kalvar. I klippet under kan du sjå kor hardt livet kan vere for ein isbjørn på kvalross-jakt:

Det er kanskje ikkje så rart at kvalrossen blei sett på som eit “arktisk uhyre” som kunne rive folk i stykker med støyttennene. Ikkje nok med det, prest og forfattar Olaus Magnus (1490-1557) skildra kvalross som eit monster som kom opp av havet og klatra opp loddrette klipper med tennene for å ruse seg på morgondugg (les meir om det her)!

Trass desse mytane er ikkje kvalross interesserte i menneskekjøtt. Dei lev av mat dei finn på havbotnen, som muslingar og andre blautdyr, fleirbørstemark og reker. Dei skumle støyttennene har snarare gjort kvalrossen til ei ettertrakta handelsvare. Kvalross har lenge vore jakta for spekket, skinnet og ikkje minst tennene, som på same måte som elefant-elfenbein har vore brukt i pyntegjenstandar. Forskarar frå Universitetet i Oslo har ved hjelp av DNA i historisk materiale slått fast at eksport av kvalross-elfenbein frå Grønland til Europa var ein viktig grunn til at etterkommarane til Eirik Raude klarte seg på Grønland frå år 1100 til 1400.

Denne kvalross-kalven er trygt plassert mellom to vaksne. Foto: Roger Topp

Storstilt jakt førte til kraftig nedgang av kvalross-bestandane fram til arten blei freda i ulike område utover 1900-talet. No er det bare urfolk i Arktis som får lov til å jakte kvalross. Bestanden på europeisk side er framleis liten, medan på Stillehavs-sida er det no over 200,000 dyr. Det viser at vi heldigvis kan rette opp gamle feil! I dag er klimaendringar den største faren for kvalross, så vi treng storstilt innsats for å ta vare på denne arktiske kjempen.

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Innlegget du leser nå har tidligere vært publisert som en luke i Marinbiologenes julekalender.

De siste årene har vi stort sett bare vært (hyper)aktive på dette nettstedet rundt juletider. Fordi mange av de gamle julekalenderlukene inneholder mye spennende stoff, ønsker vi å poste dem på nytt, uten lukenummer og julekrydder :-)

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland! Nokon […]

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.