Luke 3: Undersjøiske liljer

03/12/2016

Bak kalender-luke nummer tre har vi gøymd noko som minner om eit juletre, men som eksisterte lenge før det dukka opp trær på jorda. Og sjølv om det elegante namnet høyres ut som noko frå blomsterbutikken, er desse skapningane i slekt med sjøpølser, og ikkje liljer.  

 

Sjøliljer ser ut som plantar, men er eigentleg ei dyregruppe som eksistert i fleire hundre millionar år. Kjelde: Wikimedia Commons/NOAA Photo Library

Sjøliljer ser ut som plantar, men er eigentleg ei dyregruppe som eksistert i fleire hundre millionar år. Kjelde: Wikimedia Commons/NOAA Photo Library

 

Sjøliljer er namnet på marine dyr i klassa Crinoidea, som saman med sjøstjerner, slangestjerner, sjøpiggsvin og sjøpølser utgjer den utelukkande marine dyrerekka pigghudar. Medan meir kjende pigghudar som sjøstjerner og sjøpiggsvin bruker tubeføttene sine til å røyre seg roleg, men taktfast framover, sit sjøliljer fast store delar av livet. Med ein lang «stilk» og ei «krone» på toppen er det ikkje rart om ein først trur at sjøliljer er plantar.

 

Fjærestjerner er vanlege syn ved korallrev i tropiske strøk, der dei gjerne sitt fast på korallar. Foto: Privat

Fjærestjerner er vanlege i tropiske havområde, der dei gjerne sitt fast på korallar. Foto: Privat

 

Sjøliljer er såkalla «levande fossil». Dei eldste spora av sjøliljer er nesten 500 millionar år, og sannsynligvis levde sjølilje-liknande dyr lenge før dette også. Dei var svært talrike fram til omlag 250 millionar år sidan (omlag då dinosaurane dukka opp). Samtidig som trilobittar og skalblekksprutar regjerte i havet, danna sjøliljer nærmast skogar langs havbotnen!

Vi finn i dag rundt 700 artar i klassa Crinoidea. Medan dei fastsitjande sjøliljene stort sett bare finnast på store djup (ned til minst 9000 meter!), er fjærestjerner ganske vanlege i grunnare område. Fjærestjerner har ikkje stilk, men forgreina armer og ein rot-liknande struktur som dei festar seg med. Men fjærestjerner held seg ikkje bare i ro, denne filmsnutten viser ei fjærestjerne på ein svært grasiøs symjetur!  

 

Fargerike fjærestjerner fotografert i Indonesia. Kjelde: Wikimedia Commons/Alexander Vasenin

Fargerike fjærestjerner fotografert i Indonesia. Kjelde: Wikimedia Commons/Alexander Vasenin

 

Det er seks-sju artar sjøliljer langs Norskekysten, og dei fleste er fjæresjerner. For nokre år sidan tok Havforskingsinstituttet desse imponerande bileta av sjøliljer på 2700 meter djup utanfor Vesterålen. Ein trudde lenge at sjøliljer ikkje kunne røre på seg, men dette opptaket viser at dei kan bruke armane til å krype bortover havbotnen. Det er som tatt ut av ei anna verd!

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

10kr 20kr 30kr