, , , ,

Luke 8: Stekt egg, takk!

08/12/2015
3 min read
Luke 8: Stekt egg, takk!

Er du glad i stekt egg til søndagsfrokosten? Kva med å prøve noko nytt neste helg: stekt egg-manet? Ikkje overbevist? Sjå bak luke 8, så endrar du kanskje meining!

“Fried egg jellyfish” er det engelske namnet på to ulike manetar, Phacellophora camtschatica og Cotylorhiza tuberculata. Det dei har til felles er nettopp at dei liknar på stekte egg. P. camtschatica er den største av dei to, og er vanleg i kalde område i både Atlanterhavet og det austlege Stillehavet. Den ser ut som ei gul eggplomme omkransa av lys eggekvite. Det gule er eigentleg gonadar, altså kjønnskjertlar. P. camtschatica kan bli 60 cm i diameter med opp til seks meter lange tentaklar. Litt større enn det vanlege søndagsegget altså!

 

800px-Phacellophoracamtschatica
Phacellophora camtschatica er ein av to manetar som kallast «fried egg jellyfish». Denne arten kan du finne i kalde område. Foto: Wikimedia Commons

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

“Kaldtvannsegget” P. camtschatica bruker som andre nesledyr «nesleceller» i tentaklane til å fange mat. Neslecellene fungerar som små harpunar og kan vere giftige (les meir her). Nokre manetar er skikkelig giftige, også for oss. Men P. camtschatica har så svak gift at den ikkje ein gong skremmer bort blindpassasjerar! Ein studie frå 2006 fann nemleg fleire hundre små krabbe-larvar og tanglopper sitjande på éin enkelt manet. Dette gagna delvis maneten sidan krabbe-yngelen åt andre parasittar. Samtidig fråtsa blindpassasjerane både i mat som dei stjal frå tentaklane til maneten, og på tentaklane sjølv. Høyres ut som ei dårlig ordning for vår eggete venn!

250px-Spiegeleiqualle
Den andre stekt-egg-maneten, Cotylorhiza tuberculata, kan du få auge på om du tar på dykkermaska i Middelhavet. Foto: Wikimedia Commons

Den andre stekt-egg-maneten, Cotylorhiza tuberculata, trivast i varmare vatn enn  P. camtschatica, og er vanleg i Middelhavet. Den blir opp mot 35 cm i diameter, og er som “storebror i nord” ufarleg for menneske. Men sjølv om dei to manetane del namn er dei ikkje i nær slekt. Middelhavs-maneten er nemleg ein lungemanet, som i motsetnad til andre manetar manglar tentaklar. Til gjengjeld har dei fleire armar, åtte i staden for fire. Lungemanetar er ofte vakre og fargerike. C. tuberculata har ei glatt overflate med ei raudleg “eggeplomme” i midten, og blå-lilla utvekster på armane. Den blå-lilla fargen kjem frå alge-symbionter som lev og fontosytetsiserer i maneten. Her kan du sjå fleire vakre bilete av Middelhavs-egget.

 

Cassiopea_Jellyfish_(Cotylorhiza_tuberculata)_-_Mar_Jonio,_Italy
«Middelhavs-egget» Cotylorhiza tuberculata er som mange av lungemanetane eit vakkert syn. Foto: Wikimedia Commons.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Er du freista til å prøve C. tuberculata til søndagsfrokosten? Manetar er ikkje vanleg kost utanfor Asia, men det kan (kanskje?) vere på frammarsj blant moderne og framtidsretta hipsterar (les meir her). Om du vil vere med på bølgjen er C. tuberculata kanskje eit godt alternativ – alle manetar som blir brukt til mat er nemleg lungemanetar! Stekt-egg manet til frokost er kanskje ikkje så utenkeleg likevel?

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.