, , , , , , , ,

Skreien: den glade vandrar

04/03/2016
6 min read

For skreien er det no det skjer. I mars går startskotet for den årlege gytesesongen, og fram til mai samlast skreien i hopetal til Noregs største stevnemøte. Den årlege vandringa av skrei frå Barentshavet er grunnlaget for skreifisket, og at fiskedisken er stappfull av fersk skrei nett no. Skrei er norrønt for vandraren, og Barentshavsskreien er verdsmeister i langdistanse. Men kvifor legg skreien ut på den lange gyteferda? Og kva styrer kor langt skreien vandrar? Dette mysteriet kan marinbiologar vere i ferd med å løyse.

Kvart år sym gytemoden nordaust-arktisk torsk (skrei) frå Barentshavet til Norskekysten. Kjelde: imr.no.
Kvart år sym gytemoden nordaust-arktisk torsk (skrei) frå Barentshavet til Norskekysten. Foto: imr.no.

Nordaust-arktisk torsk er namnet på torskebestanden i Barentshavet, som med ein gytebestand på over ein million tonn er den største torskebestanden i verda. I motsetnad til kysttorsk, som held seg innanfor eit avgrensa område heile livet, er den nordaustarktiske torsken ein ekte vagabond. Egga blir gytt langs Norskekysten, og egg og torskeyngel følgjer så havstraumane nordover og inn i Barentshavet. Der er det god tilgang på næringsrik mat som hoppekreps og krill, og når torsken blir større, snadder som sild og lodde. Etter nokre år på denne super-dietten blir torsken kjønnsmoden og vender sørover for å gyte. Den gytande Barentshavstorsken blir kalla skrei. Avstanden frå beiteområda i Barentshavet til gytefelta kan vere på over 1000 km, noko som gjer skreien til den torsken i verda som vandrar lengst for å gyte!

Dei viktigaste gytefelta til skreien er i Lofoten og Vesterålen («En ekte Lofottorsk jeg er…»). Men historiske fangstdata viser at mengda skrei ved ulike gytegrunnar har variert mykje dei siste hundre-åra. Frå 1860 til 1930 var fangsten høg ved Møre, medan det frå 1930 til 1950 var meir skrei i Lofoten. For hundre år sidan blei det fiska skrei så langt sør som Lindesnes, heile 2000 km frå beiteområda i Barentshavet. Men skreifisket i Vest-Agder forsvann rundt 1930, og sidan den gong har mengda skrei ved dei sørlegaste gytegrunnane gått nedover.

Denne figuren viser mengda skrei fanga ved forskjellige gytegrunnar i tre ulike tiår (storleiken på sirkelen er proporsjonal til fangsten), samt avstanden frå dei historisk viktigaste gytegrunnane til det sentrale Barentshavet. Kjelde: Opdal et al. 2015.
Desse karta viser skreifangsten ved forskjellige gytegrunnar i tre ulike tiår (storleiken på sirkelen er proporsjonal til fangsten), samt avstanden frå dei historisk viktigaste gytegrunnane til det sentrale Barentshavet. Kjelde: Opdal & Jørgensen 2015.

Some like it hot
Men kva styrer gytevandringane til skreien? Får klimaendringane skreien til å trekke nordover? Eller har vi med skreifisket sjølv endra torsken? Forskarar frå Havforskingsinstituttet viste i ein studie publisert i 2008 ein positiv samanheng mellom variasjonar i havtemperatur og gyting ved dei nordlege gytefelta. I varme periodar, som frå 1930 til 1950, var det meir gyting ved dei nordlege gytegrunnane (Lofoten til Finnmark), medan det i kalde periodar, som frå 1900 til 1920 var meir ved Møre.

Nyklekte torskelarvar går ei farleg tid i møte, men med høgare temperaturar kan dei kome seg fortare gjennom det mest risikable stadiet. Kjelde: imr.no (Terje van der Meeren)
Nyklekte torskelarvar går ei farleg tid i møte, men med høgare temperaturar kan dei kome seg fortare gjennom det mest sårbare stadiet. Foto: imr.no (Terje van der Meeren)

Mange dyr vil ha fiskelarvar til middag, og veldig få torskelarvar klarar seg. For torskelarvar i det kalde nord aukar vekstraten med høgare havtemperatur, og dermed også sjansen til å overleve gjennom det sårbare larvestadiet. Som foreldre flest ønskjer torsken at flest mogleg av avkommet sitt skal overleve og føre sine torske-gen vidare. Difor sym Barentshavstorsken sørover til varmare strøk for å gyte. Men gytevandringa kostar tid og krefter den i staden kunne brukt til å vekse seg enda større. Større skrei kan nemleg legge fleire og sunnare egg, noko som òg aukar sjansen for mange barn og barnebarn. Skreien må velje mellom å investere energi i avkommet (ved å symje langt) eller i eigen overleving og framtidige avkom (ved å vekse seg større).

Med varmare hav treng ikkje skreien å symje like langt for å finne gode gyteforhold, og kan i staden spare tid og krefter ved å gyte nærmare beiteområda. Det kan forklare kvifor det tilsynelatande er meir gyting i nordlege område i varme periodar. I tillegg kan torsken nytte meir nordlege beiteområde som er isdekte i kalde periodar. Om det er ei øvre grense for kor langt ein skrei kan vandre, verker det logisk at gytefelta vil flytte seg nordover med beiteområda.

Storleiken avgjer
Men det er forskjell på skrei og skrei. Ein stor skrei kan symje lengre enn ein liten skrei, så dilemmaet mellom å symje langt for å sikre avkommet eit godt oppvekstmiljø eller å spare tid og krefter kjem an på skreien. Ein stor skrei bruker ein mindre del av fettlageret sitt på å symje til den sørlege gytegrunnen, og får meir igjen for strevet sidan han (eller ho, for å vere korrekt) kan legge fleire egg i det varme vatnet enn ein mindre skrei. Det er altså meir verdt for ein stor fisk å vandre langt.

Store, flotte torskefiletar er populær mat, og større torsk har difor høgare marknadsverdi. Dette kan føre til at dei største individa blir fiska ut av bestanden. Og medan det historiske skrei-fisket føregjekk rundt gytegrunnane, går det moderne, industrielle fiskeriet i større grad etter torsk på beitegrunnane i Barentshavet. Dette skaper seleksjonspress på å bli gytemoden tidleg; fisk som gyt i ung alder har større sjanse til å føre sine gen vidare enn fisk som ventar og havnar i garnet før dei får gytt. Målingar viser at både snitt-storleiken og alderen på gytemoden torsk har gått ned sidan starten på det industrielle fiskeriet i Barentshavet.

Sidan starten på det industrielle fiskeriet i Barentshavet på 1920-talet gjekk både gjennomsnitts-storleiken og alderen (som vist her) på gytemoden torsk ned. Kjelde: Ottersen 2008.
Sidan starten på det industrielle fiskeriet i Barentshavet på 1920-talet gjekk både gjennomsnitts-storleiken og alderen (som vist her) på gytemoden torsk ned. Kjelde: Ottersen 2008.

Påverkar desse endringane gytevandringane? Marinbiolog Anders Opdal ved Universitetet i Bergen viste i eit arbeid publisert i 2010 at skreifisket ved sørvestlandet forsvann samtidig med at det industrielle fiskeriet skaut fart. Var nedgangen i talet på store «langdistanse-symjarar» forklaringa?

I fjor publiserte Opdal og kollega Christian Jørgensen ein meir omfattande studie som viser at gjennomsnittsalderen på gytebestanden forklarar mellomårlege variasjonar i mengda skrei ved ulike gytegrunnar, medan det ikkje er nokon statistisk signifikant samanheng mellom klimavariasjon, som temperatur i Barentshavet, og bruken av nordlege kontra sørlege gytefelt. Forskarane peiker også på at dersom torsken held seg lengre nord i Barentshavet i varmare periodar, og dette styrer variasjonen i bruk av gytefelt, burde det kome fram i dei statistiske analysane (noko det ikkje gjorde).

Uklar framtid
Studiet frå 2015 var basert på fangstdata frå 1866 til 1969 som ikkje er tilgjengelege for seinare år. Men tal frå forskingstokt tyder på at skreien hovudsakleg har gytt frå Lofoten og nordover dei siste åra. Sidan slutten på 70-talet har Barentshavet blitt varmare (les meir her), samtidig som strenge reguleringar av fiskeriet har ført til at det no er meir nordaustarktisk torsk enn nokon gong, og igjen fleire eldre individ i bestanden. Vil skreien vende tilbake til gytefelta i sør igjen? Eller gjer klimaendringane det unødvendig for skreien å reise så langt? Marinbiolog Anders Opdal har følgjande kommentar:

Marinbiolog Anders Opdal har forska på kva som styrer variasjonane i gytevandring hos skrei.
Marinbiolog Anders Opdal har forska på kva som styrer variasjonane i gytevandring hos skrei.

– På grunn av gode klimatiske forhold og eit strengt regulert fiske har skreibestanden tatt seg opp sidan 1970, og aldersfordelinga er no som på 1940-tallet, sjølv om gytebestanden framleis er prega av mykje ung fisk. Dersom variasjonane i gytevandring berre er styrt av storleik kan vi vente meir gyting lengre sør om det blir fleire store fisk i gytebestanden. Men eit ope spørsmål er om fiskeriet har ført til genetisk seleksjon – endringar i det genetiske materialet hos torsken som styrer alder ved kjønnsmodning eller gytestrategiar. Om det er tilfellet får vi nok ikkje tilbake den store, gamle gytefisken med det første!

– Det er også viktig å merke seg at funna våre er basert på ein statistisk analyse, og kan bare seie noko om endringar innanfor dei miljøforholda analysen dekker. Temperaturvariasjonen frå 1866 til 1970 hadde ingen målbar verknad på kor skreien gytte, men om temperaturane aukar utover dei historiske verdiane, slik det tilsynelatande gjer no, kan vi ikkje bruke desse funna til å seie kva som vil skje.

Det er med andre ord bare framtida som kan seie noko heilt sikkert om framtida til skreien. Enn så lenge ønskjer vi våre lesarar ein god skrei-sesong, torsk frå Barentshavet er nemleg eit grønt napp i fiskedisken!

Alder_Kjesbu
Etter nedgangen utover 1900-talet er no gjennomsnittsalderen på den Nordaustarktiske torskebestanden på veg opp. Figuren viser andelen av bestanden i ulike aldersgrupper. Kjelde: Kjesbu et al. 2014.

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.