18/12/2020 Julekalender, Marinbiologi Arktis, Calanus hyperboreus, dyreplankton, feitåte, hoppekreps, Kristina Kvile Ingen
Hoppekreps er flotte greier. I 2018 skreiv Dag Hessen om «Norges viktigste dyr», raudåte (Calanus finmarchicus). I dag får du møte det viktigaste dyret i Arktis og fetteren til raudåta, hoppekrepsen med det lite flatterande namnet feitåte.
17/01/2019 Bærekraft, Diverse, Formidling, Forskning, Forvaltning, Marinbiolog, Marinbiologi, Økologi Arktis, Beauforthavet, Calanus glacialis, Calanus hyperboreus, havis, hoppekreps, isbjørn, klima, klimaendringer, Kristina Kvile, spekkhogger Ingen
Ein symjande isbjørn i eit landskap utan is. Arktis, toppen av kloden vår, viser klimaendringane i eitt bilete. Temperaturen i Arktis stig raskare enn i resten av verda og den smeltande Grønlandsisen dominerer avisoverskriftene. Sidan endringane skjer så raskt er Arktis eit heitt tema for forskarar frå heile verda, inkludert meg.
14/12/2018 Bærekraft, Diverse, Formidling, Forskning, Forvaltning, Julekalender, Marinbiologi, Økologi Arktis, elfenbein, havmonster, hvalross, Kristina Kvile, kvalross, Odobaenus rosmarus, støttenner, viking Ingen
Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Bak luke 14 møter vi det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!
03/12/2017 Diverse, Formidling, Julekalender, Marinbiologi, Økologi Arktis, bearded seal, Erignathus barbatus, havis, klimaendringer, Kristina Kvile, sel, storkobbe, Svalbard Ingen
Bak luke 3 i vår marine julekalender finn vi ein skikkelig hipster: Erignathus barbatus, eller storkobbe på norsk. Erignathus tyder “kraftig kjeve”, medan barbatus kjem av dei lange vêrhåra til storkobba som ser ut som skjegg (derav namnet “skjeggsel” på engelsk, tysk og fransk). Når vêrhåra tørker etter ein dukkert krøller dei seg opp til flotte hipster-bartar. Rett nok er ikkje bartane bare til pynt, storkobba bruker dei til å leite etter lekre krepsdyr og skjell på havbotnen. Etter å ha rota etter mat i sedimenta på havbotnen får storkobba ein karakteristisk rustaud farge i fjeset. Denne fargen er ekstra flott mot den kvite havisen og gjer at storkobba definitivt er den hippaste selen i Arktis!
Storkobba har avlang kropp og lite hovud. Denne storkobba har den typiske rustraude fargen i fjeset etter å ha gravd etter mat på havbotnen.
Foto: Wikimedia Commons/NOAA
21/12/2013 Julekalender, Økologi Arktis, enhjørning, hval, narhval, støttann Ingen
Under den arktiske isen finnes havets enhjørninger.