, , , , , , ,

Klimaendringar på toppen av kloden

17/01/2019
5 min read
Klimaendringar på toppen av kloden

Ein symjande isbjørn i eit landskap utan is. Arktis, toppen av kloden vår, viser klimaendringane i eitt bilete. Temperaturen i Arktis stig raskare enn i resten av verda og den smeltande Grønlandsisen dominerer avisoverskriftene. Sidan endringane skjer så raskt er Arktis eit heitt tema for forskarar frå heile verda, inkludert meg.

 

 

Havets energibombe

Tredje august gjekk eg om bord i det amerikanske forskingsskipet R/V Sikuliaq. Vi segla nord frå gullgravarbyen Nome i Alaska, gjennom Beringstredet, og til Beauforthavet for å studere det arktiske økosystemet. Eg var med for å ta prøver av ein liten, men viktig aktør: hoppekreps, ei gruppe krepsdyr som ikkje blir større enn nokre få millimeter. Hoppekreps lev som plankton i dei frie vannmassane og er vanlege i alle havområde (det har blitt hevda at dei er dei mest talrike dyra på kloden!). Hoppekreps er ein viktig del av marine økosystem, og blir ofte kalla bindeleddet mellom planteplankton og dyr høgare oppe i næringskjeda. I Arktis dominerer artane ishavsåte (Calanus glacialis) og feitåte (Calanus hyperboreus). Dei bruker den korte sommaren til å beite på is-algar, planteplankton og mindre dyreplankton. Energien frå dette ete-gildet blir lagra som høg-konsentrert feitt til den tøffe vinteren. Dette feittet er grunnlaget for ein næringskjede som går frå hoppekreps via fisk og kval og opp til kongen av Arktis: isbjørnen.

 

 

Trøblete havis: Eit godt teikn?

På toktet møtte vi Arktis slik vi kjenner det frå naturdokumentarar: store blå-kvite flak av havis der flokkar av kvalross konkurrerte om plassen. Etter ei veke kom det beskjed frå styrmannen: isbjørn på styrbord side om lag ein kilometer unna. Gjennom kikkertane såg vi ei velfødd isbjørn-mor med to leikne ungar. Med blanda kjensler studerte eg familieidyllen. Eg kjenner meg heldig som får oppleve noko mange vil betale stort for (og attpåtil få løn!), men samtidig er eg bekymra for framtida til isbjørnungane.

Eg reiste til Arktis frå ein sommar som hadde slått alle klima-rekordar, med heitebølgjer i Europa, Asia og Nord-Amerika. Sjølv om klimaforskarar er forsiktige med å fastslå at vêret er ein direkte konsekvens av klimaendringar veit vi at heitebølgjer blir meir vanlege i ei framtid med høgare gjennomsnittstemperatur. Endringane skjer raskt, særleg i Arktis. Der stig temperaturane dobbelt så fort som det globale gjennomsnittet, blant anna gjennom ein ”positiv feedback” av smeltande havis som opnar større havområde, som tar opp meir solvarme enn den kvite isen. I Beauforthavet har havisen forsvunne i rekordfart. Historisk sett var området isdekt nesten heile året, men sidan midten av 90-tallet har studieområdet vårt vore isfritt i august.

Vi blei difor overraska over å møte så store mengder havis i år. Isen gjorde det utfordrande å ta prøver av dyreplankton og nesten umogleg å tråle etter fisk, men håpefull spurte eg fysikaren Steve om bord om havisen trass alt var godt nytt for Arktis. Dessverre måtte han skuffe meg: truleg hadde vind i år ført is nordfrå og sørover, der den bare vil smelte fortare.

 

 

Verdien av eit kaldt Arktis

Før eg reiste til Arktis for første gong var havis, isbjørn og hoppekreps noko eg bare kjende frå lærebøkene. Slik er det også for folk flest, som har anna å tenke på enn smeltande havis. Og er det så farleg? Kanskje er klimaendringane dårleg nytt for isbjørnen, men godt nytt for andre, meir varme-kjære dyr? Mindre havis kan også opne nye område for fiskeri, og nyleg segla det første kommersielle containerskipet gjennom Nordaustpassasjen. Kommersielt sett er kanskje eit ope Polhav meir matnyttig enn eit permanent isdekke?

Arktis er som ein termostat som held det globale klimaet i sjakk. Vi lærte på skolen at temperaturforskjellen mellom ekvator og polområda styrer dei globale luftstraumane – jetstraumane. Enkelt forklart går jetstraumane frå varme (ekvator-) til kalde (pol-) område, medan jorda sin rotasjon fører dei mot høgre i nord og til venstre i sør. Når polområda er kalde, slik vi kjenner dei, gir jetstraumane relativt stabile vestavindar. Men sidan den menneskeskapte oppvarminga skjer raskare i Arktis enn ved ekvator blir temperaturforskjellen mindre og jetstraumane treigare. Luftstraumar fører med seg vêr, og med treige jetstraumar kan vêr ”henge igjen” i eit område over lengre tid. Nokre dagar med tørke og varme er normalt, men etter fleire veker blir situasjonen kritisk, slik vi såg i sommar. Difor meiner klimaforskarar at eit varmare Arktis gir meir ekstrem-vêr. Treige jetstraumar er også meir ubereknelege, nett slik ei saktegåande elv tar fleire avstikkarar enn ein stor straum. Dette kan gi uvanlege vêrfenomen. Klimaforskarar har funne ein samanheng mellom ekstrem-kulde i Europa og svake jetstraumar som slepp kald luft frå Arktis sørover. I fjor vinter var det kaldare her heime enn på Nordpolen. Det kan vere ein kosekvens av eit varmare Arktis, og ikkje at globale klimaendringar er fake news.

 

 

Klimaendringane har konsekvensar for økosystema eg studerer i Arktis og for menneska som lev der. Arktiske økosystem er tilpassa ein kort og intens vekstsesong følgd av ein lang vinter. Eksplosjonen av is-algar og planteplankton når lyset slepp til, våroppblomstringa, gir grunnlag for feite hoppekreps som igjen er mat for fisk, sjøfugl og kval. Pattedyr som isbjørn og sel, men også urfolk i Arktis, bruker isen til å jakte. Når isen forsvinn mistar dei dette livsgrunnlaget. Og med mindre havis og høgare temperaturar blir arktiske artar, frå ørsmå plankton til fisk og pattedyr, gradvis erstatta av meir sørlege artar. Dermed endrar sjølve økosystemet seg til noko som likner meir på det vi har i det nordlege Atlanterhavet og Stillehavet.

I ein båt utanfor Alaska lærte eg at Arktis har ei nøkkelrolle i klimaendringane, men også eigenverdi som eit fantastisk og unikt system. Vi kjenner argumenta for å ta vare på biologisk mangfald: Ulike livsformer kan ha ein nytteverdi vi enno ikkje kjenner, variasjon er sikkerheit i møte med endring, og å fjerne noko frå eit økosystem kan ha uventa ringverknadar. Bio-mangfald blir oftast brukt om arts-variasjon, men mangfaldet av økosystem er òg essensielt. Mange kjempar for å ta vare på regnskogen. På same måte må kjempe for å ta vare på Arktis og dei unike livsformene der. Eg håper vi kan gjere det, både for hoppekrepsen og for etterkommerane etter isbjørn-mora vi såg denne sommaren.

 

 

Denne teksten er skriven av Kristina Kvile og blei publisert i Harvest Magazine 03.12.2018. Alle foto er teke av Roger Topp om bord på R/V Sikuliaq august 2018.

 

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.