, , , ,

Luke 2: Kvalen på kanten av stupet

02/12/2020
3 min read
Luke 2: Kvalen på kanten av stupet

Båten nærma seg Stellwagen Bank. Vi håpte å få sjå nokre av dei mange kvalane som besøker området, men da ein flokk grå-svarte dyr dukka opp på sida av båten blei det salig stemning ombord. Der var over ein prosent av ein av dei mest kritisk truga dyreartane på jorda.

Stellwagen Bank ligg nord for Cape Cod på USA sin austkyst. Det har vore eit viktig område for fiskeri og kvalfangst sidan koloniseringa av Amerika. Undervass-platået tvinger næringsrikt vatn opp frå djuphavet og gir grobotn for eit rikt marint økosystem. I dag er Stellwagen Bank eit populært mål for kvalsafari, og ein kan ofte sjå knølkval, finnkval, vågekval og delfinar. Er ein heldig, slik vi var i 2018, kan ein sjå nordkaper (Eubalaena glacialis), også kalt nordatlantisk rettkval, som reiser gjennom området om våren på jakt etter mat.

Ein nordkaper kan bli opp mot 18 meter lang og 100 tonn tung, sjølv om dei fleste er mindre. Kvalen har kompakt kroppsbygning, mørk farge, ingen ryggfinne og eit kraftig hovud med karakteristiske kvite utvekstar. Foto: Wikimedia Commons

Tidlegare levde det nordkaper langs kysten av Europa, inkludert Noreg, men i dag finn vi arten bare i nordvest-Atlanteren. Kalvar blir fødd ved søraust kysten av USA, og følger så flokken nordover for å beite i dei produktive områda langs nordaust-kysten av USA og Canada. Ein viktig del av dietten er krepsdyret raudåte, som har vore omtalt som Noregs viktigaste dyr i julekalenderen (og sannsynligvis også Nord-Atlanterens viktigaste).

Nordkaperen lev kystnært og svømmer sakte i overflata når den filtrerer vatnet for plankton. På grunn av det tjukke spekklaget vil ein død rettkval flyte i overflata. Dette gjorde nordkaperen til ein lett kval å jakte på, derav namnet rettkval. Her er ein kval og fleire delfinar på Stellwagen Bank (Allison Henry/NOAA).

Nordkaperen er ein kritisk truga art. Arten har truleg blitt jakta på heilt sidan vikingtida, og den stadige meir effektive kvalfangsten gjekk svært hardt utover bestanden før den blei freda i 1937. I dag er det andre faktorar som trugar nordkaperen. Kvalen held seg nær land og havoverflata, der den er utsatt for kollisjonar med båtar eller for å bli sitjande fast i fiskereiskap. På grunn av klimaendringar har nordkaperen flytta seg nordover inn i nye beiteområde med mykje menneskeleg aktivitet, men utan gode system for å unngå dødelege samanstøyt. Det er bare omkring 400 dyr igjen, og det har vore ein kraftig nedgang i bestanden dei siste ti åra. Så no må båttrafikken og fiskeriet på nordaustkysten av USA og Canada tilpasse seg for å unngå at «den rette kvalen» skal forsvinne for godt.

I denne artikkelen i The Guardian kan du lese meir om statusen til nordkaperen.

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.