, , , ,

Luke 3: Mjølkefeit hipster

03/12/2017
3 min read
Luke 3: Mjølkefeit hipster

Bak luke 3 i vår marine julekalender finn vi ein skikkelig hipster: Erignathus barbatus, eller storkobbe på norsk. Erignathus tyder “kraftig kjeve”, medan barbatus kjem av dei lange vêrhåra til storkobba som ser ut som skjegg (derav namnet “skjeggsel” på engelsk, tysk og fransk). Når vêrhåra tørker etter ein dukkert krøller dei seg opp til flotte hipster-bartar. Rett nok er ikkje bartane bare til pynt, storkobba bruker dei til å leite etter lekre krepsdyr og skjell på havbotnen. Etter å ha rota etter mat i sedimenta på havbotnen får storkobba ein karakteristisk rustaud farge i fjeset. Denne fargen er ekstra flott mot den kvite havisen og gjer at storkobba definitivt er den hippaste selen i Arktis!

Storkobba har avlang kropp og lite hovud. Denne storkobba har den typiske rustraude fargen i fjeset etter å ha gravd etter mat på havbotnen.
Foto: Wikimedia Commons/NOAA

Storkobba er ikkje bare hipp, men også – som du kanskje har gjetta – stor! Ei vaksen storkobbe kan bli 2-2.5 meter lang og 250-300 kg tung, og er med det en av de største selene i våre farvatn. Den omfangsrike kroppen kan dei takke mamma for: Storkobba får vanlegvis éin selunge på våren, og den nyfødde poden blir flaska opp på morsmjølk med 50 % fett! Selungar drikk rundt åtte liter mjølk om dagen. Etter bare 12-24 dagar meir enn tre-doblar dei vekta, frå om lag 30 til 100 kg, ei vektauking på ein nyfødd menneske-baby om dagen! Den raske veksten kjem godt med på den arktiske havisen. Etter nokre få timar er dei nyfødde selungane klare til å symje, og kan komme seg unna si største frykt: isbjørnen.

Storkobba lev i heile det ”sirkumpolare Arktis”, altså både europeisk-asiatisk og amerikansk side av Polhavet, inkludert Barentshavet og rundt Svalbard. Foto: Wikimedia Commons/Ansgar Walk
Storkobba er ikkje rekna som truga, men den store utbreiinga over heile Arktis gjer det vanskelig å få oversikt over talet på individ. Sidan arten er avhengig av havis kan den gå ei vanskeleg tid i møte med dei raske klimaendringane i Arktis. Foto: Wikimedia Commons/ US Fish and Wildlife Service.

I løpet av den arktiske sommaren og hausten kan storkobber symje langt frå havisen for å skaffe mat. Men når vinteren og våren kjem held dei seg ved isen for paring, fødsel og diing. Sidan storkobba er avhengig av havis går denne arten, med mange andre dyr i Arktis, ei usikker framtid i møte når havisen minkar. På Svalbard har storkobba byrja å bruke is som har kalva av isbrear i staden for havis. Men sidan isbreane også smeltar vil denne nødløysinga ikkje vare evig. Vi ønskjer difor storkobba og andre dyr i Arktis ei god jul og ei kaldt nytt år, og håper at politikarane våre vil jobbe for eit kaldt Arktis i mange år framover!

Du kan lese meir om storkobba her.

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.