17/01/2019 Bærekraft, Diverse, Formidling, Forskning, Forvaltning, Marinbiolog, Marinbiologi, Økologi Arktis, Beauforthavet, Calanus glacialis, Calanus hyperboreus, havis, hoppekreps, isbjørn, klima, klimaendringer, Kristina Kvile, spekkhogger Ingen
Ein symjande isbjørn i eit landskap utan is. Arktis, toppen av kloden vår, viser klimaendringane i eitt bilete. Temperaturen i Arktis stig raskare enn i resten av verda og den smeltande Grønlandsisen dominerer avisoverskriftene. Sidan endringane skjer så raskt er Arktis eit heitt tema for forskarar frå heile verda, inkludert meg.
04/03/2016 Diverse, Evolusjon, Fiskeri, Forskning, Forvaltning, Fysiologi, Marinbiolog, Marinbiologi, Økologi gyting, klima, Kristina Kvile, nordøstarktisk torsk, skrei, skreifiske, torsk, torskelarver Ingen
For skreien er det no det skjer. I mars går startskotet for den årlege gytesesongen, og fram til mai samlast skreien i hopetal til Noregs største stevnemøte. Den årlege vandringa av skrei frå Barentshavet er grunnlaget for skreifisket, og at fiskedisken er stappfull av fersk skrei nett no. Skrei er norrønt for vandraren, og Barentshavsskreien er verdsmeister i langdistanse. Men kvifor legg skreien ut på den lange gyteferda? Og kva styrer kor langt skreien vandrar? Dette mysteriet kan marinbiologar vere i ferd med å løyse.
Kvart år sym gytemoden nordaust-arktisk torsk (skrei) frå Barentshavet til Norskekysten. Foto: imr.no.