20/06/2014 Diverse, Forskning, Marinbiolog, Økologi dyreplankton, hoppekreps, krill, Kristina Kvile, maneter, modellering, tokt, zooplankton Ingen
Eg studerer dyreplankton. Vanlegvis når eg seier det får eg undrande blikk tilbake, og eg forklarar at det er små dyr som flyt med havstraumane. Kanskje held dei undrande blikka fram, og eg seier «sånn som krill». Dette vekker kanskje assosiasjonar til kval som mesker seg med krill rundt Antarktis, eller dei slitsame seljarane som pushar omega-3-tablettar ved Karl Johan. Men dyreplankton er mykje meir enn krill!
Krill er eit dyreplankton folk flest har høyrd om. Her er Meganyctiphanes norvegica, ein vanleg art i Norskehavet. Foto: Wikimedia Commons