03/12/2016 Diverse, Julekalender dyphavsøkologi, fjærestjerner, korallrev, Kristina Kvile, levende fossil, sjøliljer Ingen
Bak kalender-luke nummer tre har vi gøymd noko som minner om eit juletre, men som eksisterte lenge før det dukka opp trær på jorda. Og sjølv om det elegante namnet høyres ut som noko frå blomsterbutikken, er desse skapningane i slekt med sjøpølser, og ikkje liljer.
Sjøliljer ser ut som plantar, men er eigentleg ei dyregruppe som eksistert i fleire hundre millionar år. Kjelde: Wikimedia Commons/NOAA Photo Library