Skreien: den glade vandrar

For skreien er det no det skjer. I mars går startskotet for den årlege gytesesongen, og fram til mai samlast skreien i hopetal til Noregs største stevnemøte. Den årlege vandringa av skrei frå Barentshavet er grunnlaget for skreifisket, og at fiskedisken er stappfull av fersk skrei nett no. Skrei er norrønt for vandraren, og Barentshavsskreien er verdsmeister i langdistanse. Men kvifor legg skreien ut på den lange gyteferda? Og kva styrer kor langt skreien vandrar? Dette mysteriet kan marinbiologar vere i ferd med å løyse.

 

Kvart år sym gytemoden nordaust-arktisk torsk (skrei) frå Barentshavet til Norskekysten. Kjelde: imr.no.

Kvart år sym gytemoden nordaust-arktisk torsk (skrei) frå Barentshavet til Norskekysten. Foto: imr.no.

Les videre



Johan Hjort og den kritiske perioden

Hjort.Frimerke

Dette frimerket frå 1969 viser Johan Hjort og eit fiskeegg. Fiskeegg og larvar var essensielle i Hjort si forsking. (Ill.: www.stampcommunity.org)

 

I år feirar vi den norske marinbiologen Johan Hjort, ofte kalla den moderne fiskeriforskinga sin far. For to veker sidan blei du betre kjend med personen Johan Hjort her på Marinbiobloggen. Denne gongen får du vite kvifor Hjort har ein så sentral plass i marinbiologi, også i dag. Det handlar om variasjon og fiskelarvar! Les videre



Tilbake

Arkiv

Etter dato: