Djuphavet kan verke stort, mørkt og skremmande, og dyret som gøymer seg bak kalender-luka i dag gjer det ikkje betre. Det er nemleg så skummelt at du risikerer å setje julegrauten i vrangstrupen!
Det er eit kjend biologisk fenomen at dyr som lev i det mørke og kalde djuphavet ofte er større enn tilsvarande artar nærmare overflata («Deep Sea Gigantism»). Du har sikkert høyrd om den frykta kjempeblekkspruten? Bak luke nummer 18 finn du eit mindre kjend, men veldig urovekkande djuphavsdyr: Kjempe-isopoden!
Isopodar, tanglus på norsk, er ei gruppe krepsdyr med flattrykt kropp og mange par bein som lev både i vatn og på land. Du har sikkert sett dei vanlege landlevande eksemplara som kryp fram når du løftar på ein stein (skrukketroll, kaffedyr, vaskekoner, munkelus, tussalus, kjært barn har mange namn…). Men kjempe-tanglusa er ikkje så lett å få auge på, den lev nemlig på djup frå eit par hundre til fleire tusen meter. Fiskarar eller forskarar som får slike om bord i båten får seg ei overrasking, desse «skrukketrolla» kan nemlig bli opp mot 80 cm og vege over 1.5 kg!
Kjempe-isopode er ikkje namnet på éin bestemt art, men på dyr i slekta Bathynomus. Dei er åtseletarar som kastar seg over fiske- og kvalkadaver. Om dei får sjansen fråtsar dei også gjerne i levande føde, men då helst av typen «slow food». Sjøpølser, svampar, eller fisk som allereie er fanga i teiner eller botntrålar står gjerne på menyen.
Kjempe-tanglus lev som nemnt i det kalde djuphavet, og den abnorme storleiken kan vere ei tilpassing til den varierande mattilgangen i djupet. Om du ikkje finn mat kvar dag kan det lønne seg å ha litt fett å gå på. Eit ekstremt tilfelle blei observert i eit akvarium i Japan, der ei kjempe-tanglus skal har overlevd i over fem år utan mat! Ifølgje isopode-passaren var det ikkje fordi ho ikkje fekk mat, men fordi ho var så kresen! Dessverre har denne historia ein trist slutt, «No.1» døde nemlig etter den fem års lange svelte-streiken.
Vi håper små og store tanglus får nok mat i jula.