, , , ,

Hjelp, vi er i Australia!

18/05/2022
4 min read
Hjelp, vi er i Australia!
Bjørnedyr

Edderkoppar, slangar, kvithai, maneter og giftige fisk. Det er nok av grunnar til å holde seg langt unna Australia. Og no skal du få ein til, nemleg ein diger reptil som kan spise deg om du tar ein svømmetur.

Om denne lurer i overflata, ikkje hopp uti! Foto: Matthijs van den Berg, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons

Dyra du møter på marinbiobloggen må du ofte ha fiskestang, dykkermaske eller ubåt for å sjå. Men i denne posten er ein gjest som kan dukke opp i hagen din, om du bor i Nord-Australia da. Saltvannskrokodiller (Crocodylus porosus) lever ved elver, innsjøar og sump-område i Søraust-Asia og Nord-Australia. Men dei tåler også saltvatn og kan svømme langt til havs. Eller, på lange turar til havs surfar dei i staden for å svømme. Ein ekte Aussie der altså!

Ei saltvannskrokodille nord i Australia. Foto: Wikimedia Commons

Saltvannskrokodiller kan maksimalt bli over 6 m lange og 1000 kg tunge, og er den tyngste reptilen vi har. Desse glupske dyra kan spise det meste, og på internettet figurerer dei på lister av typen «the top 10 deadliest man eaters» (sjølv om nilkrokodilla, Crocodylus niloticus, nok tar mange fleire). I ein fiffig forskingsartikkel fra 2015 kan vi lære at sjansen for å overleve eit krokodille-angrep er avhengig av størrelse-forholdet mellom angriper og offer, i tillegg til offeret sin posisjon (i vatnet, i båt eller på stranda). For eksempel vil ein badande person på 75 kg som blir angripe av ei 3 meter lang krokodille ha god sjanse til å overleve (81 %), men om krokodilla er 4 meter fell sjansen til 17 %, eller under 5 % om krokodilla bikkar 4.5 meter. Så det er lurt å unngå dei største krokodillene når du svømmer i sumpen, altså. Ellers er du tryggare i båt enn i vatnet, men det beste er nok å unngå reiser til Australia (så slipp du også dei nemnte edderkoppane, slangane, manetane…).

Det er mykje som kan drepe deg i Australia, inkludert glupske saltvannskrokodiller. Foto: Kerry Raymond, CC BY 4.0 via Wikimedia Commons

Totalt sett er ikkje saltvannskrokodilla rekna som ein trua dyreart. I Nord-Australia har talet på krokodiller auka sidan arten blei freda på 70-talet, men i andre land, som i Filippinene og Vietnam, er det få eller ingen saltvannskrokodiller igjen. Reduksjon i leveområde og ulovleg jakt truar saltvannskrokodilla, og det er ikkje lett å jobbe for å bevare ein frykta menneske-eter. Men som «the crocodile hunter» Steve Irwin seier i starten av filmen nedanfor: «Like most wild animals, they just wanna be left alone to feed, breed and rear their young». Med eit nikk til den norske ulve-debatten har vi vel ikkje rett til å bestemme kva slags artar som skal eksistere eller ikkje basert på kva som er komfortabelt for oss? Eg skal i alle fall følge Irwin sitt råd og la krokodilla vere i fred, og for øvrig unngå unødige reiser, særleg til Australia.

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Innlegget du leser nå har tidligere vært publisert som en luke i Marinbiologenes julekalender.

De siste årene har vi stort sett bare vært (hyper)aktive på dette nettstedet rundt juletider. Fordi mange av de gamle julekalenderlukene inneholder mye spennende stoff, ønsker vi å poste dem på nytt, uten lukenummer og julekrydder :-)

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.