Luke 8: Ungdom på rømmen

08/12/2023
2 min read

Bak luke 8 gøymer det seg ei tilsynelatande ordinær sjøstjerne, men med eit ungdomsliv heilt utanom det vanlege.

Femarmsjøstjerne Luidia sarsii. Foto: Espen Rekdal (Espen Rekdal Photography, lisens: CC BY 4.0)

Det har blitt ein tradisjon å ha med ei marin julestjerne her i julekalenderen. Vi har tidlegare lært om ulike sjøstjerner, den eventyrlege brisingstjerna og om ssss-slangete julestjerner. I dag skal vi møte ein art som ser ut til å vere ei høgst uoriginal sjøstjerne, men som har ei heilt spesiell ungdomstid.

Luidia sarsi blir kalla femarmsjøstjerne på norsk. Eit nøkternt namn på denne sjøstjerna, som altså har fem armar. Som sjøstjerner flest. Og ved første augekast er ikkje L. sarsi spesielt oppsiktsvekkande. I følge Artsdatabanken finn vi ho langs heile Norskekysten, på sand og mudder frå 9-1300 m djup. Femarmsjøstjerna er lysebrun med kvit underside og ein diameter på ca 20 cm (målt til 26 cm i Nordaust-Atlanteren og 36 cm i Middelhavet), og trivst godt nede i sedimentet. Ifølge same kjelde er arten ei skjørstjerne som brekker lett, stakkar.

Som ung finn vi femarmsjøstjerna i dei frie vannmassene. Dette biletet viser den unge sjøstjerna (oransje) med «haleheng» som den bruker til å flytte seg i vatnet. Foto: Espen Rekdal (Espen Rekdal Photography, lisens: CC BY 4.0)

Men det er det juvenile stadiet – altså ungdomsstadiet – til femarmsjøstjerna som er dagens stjerne. Medan vaksne sjøstjerner held seg på på havbotnen lever ungdommen glade dagar som plankton oppe i vatn-søyla. Juvenlie L. sarsii har eit stort, gjennomsiktig «haleheng» som den bruker til å flytte seg med og til å skaffe mat. Som andre sjøstjerner går femarmsjøstjerna mot botnen når den blir stor nok, og da koplar den av halehenget. Men halehenget tar ikkje kvelden av den grunn, det kan halde fram å leve uavhengig som plankton i fleire månader! Om nokon treng inspirasjon til eit science fiction-manus om ein amputert kroppsdel på rømmen, så er dette ei tidleg julegåve.

Videoen under er perfekt om du treng eit meditativt avbrekk i julestria.

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.