Hjortsenteret – ny forsking i Hjort sine fotspor

07/03/2014

Her på Marinbiobloggen har vi dei siste vekene feira Johan Hjort, «den moderne fiskeriforskinga sin far». Du har fått høyre om det innhaldsrike livet til Hjort og korleis han plasserte Noreg og Bergen på det internasjonale havforskingskartet. Men sjølv om det er hundre år sidan Hjort publiserte sitt hovudarbeid er han i dag aktuell i front for eit nytt senter som skal gi ny tyngde til norsk havforsking: Hjortsenteret.

 

Johan Hjort har gitt namn til eit nytt forskingssenter etablert i år. (Ill: Hjortsenteret)

 

Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk er eit nytt initiativ med mål om å om å «forstå, kvantifisere og å forutsi miljø- og ressursendringer i verdens hav- og kystområder» (frå pressemeldinga). Nokre av spørsmåla senteret ønsker å svare på er: Korleis heng marine økosystem saman, frå mikrobar til kval? Korleis påverkar klimaendringar havet og organismane der? Og korleis vil det påverke oss?

Hjortsenteret er eit samarbeid mellom fire ulike miljø med ekspertise på havforsking: Universitetet i Bergen (UiB), Uni Research, Havforskningsinstituttet (HI) og Nansensenteret. Ved å samle krefter frå desse institusjonane håper Hjortsenteret både å styrke kunnskapen om havet i Noreg og globalt, og å gi betre råd om berekraftig forvalting av ressursane i havet i åra som kjem. Dei fire institusjonane ligg alle i Bergen, ein by som i forhold til storleiken allereie er i verdsfronten innan marin forsking. Hjortsenteret håper å vidare forsterke Bergen som den marine hovudstaden i Noreg.

 

Johan Hjort har allereie gitt namn til eit av forskingsfartøya til Havforskningsinstituttet. No gir han også namn til eit heilt forskingssenter.

Johan Hjort har allereie gitt namn til eit av forskingsfartøya til Havforskningsinstituttet. No gir han også namn til eit heilt forskingssenter. (Foto: Wikimedia Commons)

 

Hjortsenteret blei offisielt opna på Akvariet i Bergen 18. februar, på dagen 145 år sidan Johan Hjort blei fødd. For ein full kinosal presenterte først leiarane for dei fire involverte institusjonane sine visjonar for senteret. Dei la vekt på at havområda står i sentrum for dei klima og miljøutfordringane vi står ovanfor. Verdshava tek opp ein stor del av auken i både varme og CO2 vi observerer i dag. Samtidig krev ei veksande befolkning matressursar, og mange ser på havet som ei løysing. Det fins framleis rike ressursar i havet, men dei krev kunnskap for å kunne nyttast berekraftig. Særleg når klimaendringane allereie er i ferd med å skyve på det havmiljøet vi kjenner.

Etter eit tilbakeblikk på forskinga til Johan Hjort ved historikar Vera Schwach og smakebitar frå planane til Hjortsenteret ved forskingsdirektør ved HI Geir Huse var det klart for ministrane: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker ønska først det nye senteret velkommen før statsminister Erna Solberg avslutta seansen og kunne offisielt erklære Hjortsenteret for opna. Ho var svært positiv til eit samarbeid som kunne skape meir kunnskap om havet, som er så viktig for norsk økonomi. At det skulle skje i Bergen var nok heller ikkje til å forakte. Du kan sjå ein video av seansen her.

 

Statsminister Erna Solberg sto for den offisielle opninga av Hjortsenteret, på heimebane i Bergen. Foto: K. Kvile

Statsminister Erna Solberg sto for den offisielle opninga av Hjortsenteret, på heimebane i Bergen. Foto: K. Kvile

 

Etter den offisielle opninga i akvariet var det fagseminar der fleire av forskarane involverte i senteret presenterte tema Hjortsenteret vil forske på, frå dei minste organismane i havet – planteplankton og mikrobar – til fiskeri og klimavariasjonar. Moderne observasjon- og modelleringsmetodar som senteret vil nytte blei også presentert. Sjølvsagt vil rekrutteringsspørsmålet vere i fokus, dermed skal Hjortsenteret både følge i Hjort sine fotspor, og vere ein del av den moderne forskingsfronten.

Det blir spennande å følgje med på utviklinga til Hjortsenteret framover. Vi i Marinbiobloggen ønsker velkommen eit slikt kraftsenter innan marin forsking og håper det vil gjere mange spennande funn framover. Ikkje minst håper vi senteret vil satse på formidling, til publikum, politikarar og andre forskingsinstitusjonar. I ekte Hjort-stil!

 

Forskingsgruppe ved ICES (ca. 1934) med Johan Hjort  på første rad, nummer tre frå venstre. Sjølv om klesstilen og kjønnsfordelinga ikkje blir den same på det nye Hjortsenteret, er mange av spørsmåla dei same. (Takk til Nils Lid Hjort for fotoet!)

Forskingsgruppe ved ICES (ca. 1934) med Johan Hjort på første rad, nummer tre frå venstre. Klesstilen og kjønnsfordelinga blir nok ikkje heilt den same på det nye Hjortsenteret, men nokre av forskingsspørsmåla til Hjort går igjen. (Takk til Nils Lid Hjort for fotoet!)

 

 

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr