Johan Hjort – ein marinbiologisk helt

07/02/2014

Kvifor varierer talet på fisk i ein fiskebestand så mykje mellom år? Dette er ei av dei største gåtene innan havforsking. Er det miljøet som styrer vekslingane i bestandar, eller fiskeritrykket, og har desse faktorane størst verknad på fiskelarvar, eller kanskje på eldre fisk? Det er i år 100 år sidan eit av dei mest kjende arbeida om dette emnet blei publisert: Fluctuations in the Great Fisheries of Northern Europe av Johan Hjort. Johan Hjort er av mange rekna som den moderne fiskeriforskinga sin far. Vi i Marinbiobloggen vil markere Hjort-jubileet med ein eigen bloggserie denne månaden. Først ut: Kven var Johan Hjort?

 

Johan Hjort er ein marinbiologisk helt

Marinbiobloggen feirar i februar Johan Hjort – ein marinbiologisk helt. (Foto: Wikimedia Commons)

 

Johan Hjort kom til verda i Kristiania i 1869, og døydde i byen som hadde fått namnet Oslo i 1948. I god 1800-tals stil valde han først den karrieren familien forventa og byrja å studere medisin. Men det var biolog han eigentleg ville bli, og han hoppa snart over til zoologistudiet ved Universitetet i Munich. Der fekk Hjort sin doktorgrad i den unge alderen av 23 år. Nyutdanna reiste han heim til Noreg, der han fekk ei innhaldsrik karriere som zoolog, fiskeribiolog og oseanograf. CVen til Johan Hjort er nemleg ikkje til å kimse av:

  • Konservator ved Zootomisk museum ved Universitetet i Kristiania (1893-1900)
  • Direktør for den biologiske stasjonen på Drøkbak (1897-1900)
  • Direktør for Havforskingsinstituttet (1900-1916)
  • Noregs første fiskeridirektør i Fiskeridirektoratet (1906-1917)
  • Norsk delegat og ein av grunnleggjarane av ICES (Det internasjonale råd for havforsking) (1902-1948)
  • Professor ved UiO (1921-1939)
  • President for ICES (1938-1948)

Og ikkje nok med dette, ved sidan av forsking var Johan Hjort både politisk engasjert og publiserte fleire arbeid i grenselandet mellom filosofi og biologi. Eit eksempel er boka Unity of Science frå 1921, som byrjar slik:

Naturalists are generally disinclined to occupy themselves at all with philosophical questions. They have a feeling that science is based on mental processes more akin to those of the artist, and that abstract thought can give them nothing positive, nothing new, in their own sphere of work. Yet it is not difficult to see that the study of nature is everywhere interwoven with philosophical ideas and problems.

Johan Hjort spelte òg ei rolle i debatten rundt kvalfangst i Noreg på den tida. Han vart utnemnd av regjeringa til å forske på korleis kvalfangst påverka det lokale fiske i Nord-Noreg. Fiskarane der meinte at kvalfangst øydela for fisket. Dei hevda at kvalen jaga fisk inn mot land, og når det vart færre kval vart også mindre fisk langs kysten. Hjort viste at det ikkje var så enkelt, men at situasjonen var kompleks både på eit biologisk og økonomisk nivå. Du kan lese meir om kvalstriden og Hjort si rolle her.

 

produktbilde_saccophanynx_BergenMuseum

Djuphavsålen Saccopharynx hjorti blei funne for første, og hittil siste, gang på Michael Sars-ekspedisjonen i 1910. (Ill: Bergen Museum).

 

Namnet til Johan Hjort kan vi i dag finne igjen i mange samanhengar. I tillegg til eit av forskingsfartøya til Havforskingsinstituttet og ei gate i Bergen, fins blant anna ein svamp, ein blekksprut og ein ikkje så pen djuphavsål (bilete over) som er oppkalla etter Hjort. Denne djuphavsålen har bare blitt funne ein gang, nemleg på Michael Sars-eskpedisjonen, ein fire månadar lang forskingsekspedisjon som Johan Hjort sjølv sto i bresjen for. Forsking- og fiskerifartøyet Michael Sars kasta loss i Bergen i april 1910, og var innom Storbritannia, Biscaya, Gibraltar og nordvestkysten av Sahara, før ferda gjekk over Atlanterhavet til Azorene, nord til Canada og tilbake. Ekspedisjonen er rekna som banebrytande for si tid: nytt måleutstyr blei tatt i bruk, og over hundre nye artar oppdaga. Du kan lese meir om den spennande Michael Sars-ekspedisjonen her.

Eller om du er verkeleg eventyrlysten kan eg anbefale boka Atlanterhavet. Fra overflaten til havdypets mørke. Efter undersøkelser med dampskibet ”Michael Sars”. (The Depths of the Oceans på engelsk). Johan Hjort ga ut denne skildringa av ekspedisjonen saman med Sir John Murray, og boka er ein skikkeleg klassikar innan biologisk litteratur. Og ikkje minst er ho svært underhaldande lesing!

 

produktbilde_MS1910crew_BergenMuseum

Forskingsgruppa ombord på Michael Sars. Johan Hjort er nummer tre frå venstre, ellers ser vi (frå venstre) Einar Koefoed, Haaken Hasberg Gran, Johan Hjort, John Murray, Thor Iversen, and Bjørn Helland-Hansen. (Foto: Bergen Museum)

 

I dag er Johan Hjort mest kjend for arbeidet han gjorde med å forklare svingingar i fiskebestandar. Korleis Hjort revolusjonerte fiskeriforskinga både i Noreg og internasjonalt med publikasjonen Fluctuations in the Great Fisheries of Northern Europe får du vite meir om i neste blogginnlegg. Om du ikkje klarer å vente så lenge kan du lære meir om Johan Hjort i Norsk biografisk leksikon.

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr