Mange kjenner seg ekstra tunge etter all julematen i desember, men få slår vekta til kjempemuslingen. Og medan vi veks oss store på juleribbe, pinnekjøtt og julekaker, satsar kjempemuslingen på ein diett av bittesmå algar for å maksimere vekta.
Kjempemuslingen lev i det Indiske hav og Stillehavet, og er lett å kjenne igjen på det kraftige, folda skalet, som ligg delvis i skjul på korallrev. Blant 10 ulike kjempemusling-artar er Tridacna gigas aller størst, denne giganten når truleg opp mot 300 kg! I 1817 dukka eit eksemplar av T. gigas opp utanfor Sumatra, med eit ytre skal på 137 cm og 230 kg. Dette er kanskje den største kjempemuslingen som nokon gong har vore observert.
Det er ikkje kraftig kjøttmat, men ein unik fusion-diett som ligg bak den høge vekta til kjempemuslingen. Medan muslingar flest, som blåskjellet her heime, livnærer seg ved å filtrere vatnet for partiklar, brukar kjempemuslingen to ulike strategiar: både filtrering og fotosyntese. Kjempemuslingen får i seg fotosyntetiserande algar ved å ete dei, men i staden for å fordøye algane blir dei verande i kroppsvevet (kapperanden) til muslingen. Dette samarbeidet er positivt for algen, som lev trygt inne i kapperanden, og for muslingen, som får mesteparten av energien sin frå fotosyntesen til algane.
Også i kjønnslivet vil kjempemuslingar gjerne ha “både og”: dei er hermafrodittar som produserer både sperm og egg. Sjølv om dei dermed kan få barn med seg sjølv skjer ikkje dette, sannsynligvis fordi det er evolusjonært gunstig å blande genmateriale med andre individ. Kanskje for å hindre sjølv-befruktning slepp muslingane først ut sperm i vatnet, og seinare egg, samtidig som dei sender ut eit kjemisk signal som triggar andre muslingar til å gyte på same tid.
Tidlegare frykta folk at ein kunne bli fanga i det kraftige skalet til kjempemuslingen, men dette er nok bare ein myte. Visstnok lukkar kjempemusling-skalet seg for sakte til at det er fare for å bli sitjande fast. Som vanleg er det heller mennesket som utgjer ein fare for kjempemuslingen. Dei solide musling-skala har blitt brukt til det meste: våpen, økser, fliser, fontener, dekorasjon, badekar for småbarn… Ikkje minst er kjøttet fra lukkemuskelen sett på som ei delikatesse i Asia, og i Kina er det kjend som eit afrodisiakum (noko som for ein gang skuld kan ha noko for seg, les meir her). Dei mange bruksområda til kjempemuslingen har ført til eit hardt fiskeri og reduserte bestandar. Vi oppfordrar difor til å velge alternative, meir bærekraftige kjelder, om det er badekar, julemat, eller noko meir pirrande du er på jakt etter.