Luke 18: Djuphavets kjempe

18/12/2015

Djuphavet kan verke stort, mørkt og skremmande, og dyret som gøymer seg bak kalender-luka i dag gjer det ikkje betre. Det er nemleg så skummelt at du risikerer å setje julegrauten i vrangstrupen!

Førjulstida blei aldri heilt det samme igjen etter at dyret bak luke 18 dukka opp... Foto: Wikimedia Commons

Førjulstida blei aldri den same etter at dyret bak luke 18 dukka opp… Foto: Wikimedia Commons

Det er eit kjend biologisk fenomen at dyr som lev i det mørke og kalde djuphavet ofte er større enn tilsvarande artar nærmare overflata («Deep Sea Gigantism»). Du har sikkert høyrd om den frykta kjempeblekkspruten? Bak luke nummer 18 finn du eit mindre kjend, men veldig urovekkande djuphavsdyr: Kjempe-isopoden!

Ein kjempe-isopode som blei med ein undervass-robot opp på land. Foto: Reddit/Gwynzer

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Isopodar, tanglus på norsk, er ei gruppe krepsdyr med flattrykt kropp og mange par bein som lev både i vatn og på land. Du har sikkert sett dei vanlege landlevande eksemplara som kryp fram når du løftar på ein stein (skrukketroll, kaffedyr, vaskekoner, munkelus, tussalus, kjært barn har mange namn…). Men kjempe-tanglusa er ikkje så lett å få auge på, den lev nemlig på djup frå eit par hundre til fleire tusen meter. Fiskarar eller forskarar som får slike om bord i båten får seg ei overrasking, desse «skrukketrolla» kan nemlig bli opp mot 80 cm og vege over 1.5 kg!

 

Ei overrasking frå djupet. Foto: Wikimedia Commons

Ei overrasking frå djupet! Foto: Wikimedia Commons

 

Kjempe-isopode er ikkje namnet på éin bestemt art, men på dyr i slekta Bathynomus. Dei er åtseletarar som kastar seg over fiske- og kvalkadaver. Om dei får sjansen fråtsar dei også gjerne i levande føde, men då helst av typen «slow food». Sjøpølser, svampar, eller fisk som allereie er fanga i teiner eller botntrålar står gjerne på menyen.

 

Kjempe-isopodar er populære i Japan. Det er usikkert kor nøgd denne katten er. Foto: Ukjend

Kjempe-isopodar er populære i Japan. Det er usikkert kor nøgd denne katten er. Kjelde: Lazerhorse.org

 

Kjempe-tanglus lev som nemnt i det kalde djuphavet, og den abnorme storleiken kan vere ei tilpassing til den varierande mattilgangen i djupet. Om du ikkje finn mat kvar dag kan det lønne seg å ha litt fett å gå på. Eit ekstremt tilfelle blei observert i eit akvarium i Japan, der ei kjempe-tanglus skal har overlevd i over fem år utan mat! Ifølgje isopode-passaren var det ikkje fordi ho ikkje fekk mat, men fordi ho var så kresen! Dessverre har denne historia ein trist slutt, «No.1» døde nemlig etter den fem års lange svelte-streiken.

Vi håper små og store tanglus får nok mat i jula.

 

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr