Luke 18: Snikande sjø-snok

18/12/2016

Har du slange-fobi? Tror du at til sjøs er du i alle fall trygg? Der tok du feil!!! Bli med bak kalender-luke 18, sannsynligvis den skumlaste i år…

 

Kjelde: By Craig D (http://www.flickr.com/photos/craigd/3903394880/) [CC BY-SA 2.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0)], via Wikimedia Commons http://www.flickr.com/photos/craigd/3903394880/

Ein havslange symjer opp til overflata for trekke pusten. Kjelde: Craig D. 

 

Ja, havslangar eksisterer. Og dei er giftige. Dei tilhøyrer same familie som kobra og afrikansk mamba, og ein av dei topp-tre giftigaste slangane i verda er ein havslange (Aipysurus duboisii). Den største havslangen, Hydrophis spiralis, kan bli opp til tre meter. Og er giftig. Tør du lese vidare?

 

Den pelagiske havslangen Pelamis platuras. Kjelde: Wikimedia Commons

Den pelagiske havslangen Pelamis platuras er blant dei mest utbreidde krypdyra i verda. Kjelde: Wikimedia Commons

 

Heldigvis for deg og meg: det er ingen havslangar langs Norskekysten. Dei trivst best i varmare strøk, i kystområde i Stillehavet og i Det indiske hav (og selvfølgelig ved Australia). Arten Pelamis platurus er ein meir eventyrleg type, den lev pelagisk ute i det opne havet, gjerne saman med flytande restar av trær og søppel. P. platurus er blant dei mest utbreidde krypdyra i verda, men har enno ikkje kome til Atlanterhavet. Sannsynligvis er det er for kaldt til at slangen klarer å krysse sør for Afrika eller Sør-Amerika, og for salt i Rødehavet (det er få havslangar der). Men med dei pågåande klimaendringane blir det kanskje snart havslangar på ei strand nær deg … (dei har allereie skylt opp på strender i California [link]).

 

Havslangar i slekta må opp på land for å legge egg. Kjelde: Bernard Dupont/Wikimedia Commons

Havslangar i slekta Laticauda må opp på land for å legge egg. Kjelde: Bernard Dupont/Wikimedia Commons

 

Havslangar er tilpassa livet i havet med ein kropp som er samanpressa frå sidene og eit slags ror bakerst som gjer at dei røyrer seg elegant i vatnet. Men som sine landlevande slektningar pustar havslangar luft, og dei må dermed opp til overflata for å trekke pusten. For å effektivt lagre oksygen til lange dykk har dei utvikla ekstra store lunger, i tillegg til at dei kan puste gjennom huda når dei ligg i overflata. Dei fleste havslangar legg egg i sjøen, men slangar i slekta Laticauda (engelsk: sea kraits) må på land for å legge egg. Dei er rekna som meir primitive, og er dei einaste havslangane som framleis klarer å røyre seg på land.

Om du ikkje var skremd frå før, her kjem meir: Havslangar kan danne store “jaktlag”. Skrekkfilmen under viser ein heil flokk havslangar på jakt. Sjølv den trivelege stemma til Sir David Attenborough hjelp ikkje her…

 

 

For å roe ned kalender-lesarar som har satt julegrøten i vrangstrupen: havslangar er rolege og reserverte dyr, så det er liten sjanse for å bli bitt. Den lille munnen og dei korte hoggtennene er betre egna til å bite mindre byttedyr enn menneske, og om ein blir bitt er det liten sjanse for at dei faktisk bruker gifta. Det er difor svært få ulykker med havslangar. Men nokon artar skal visst vere meir aggressive…


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

10kr 20kr 30kr

Legg inn en kommentar