Luke 18: Energibombe fra nord

18/12/2020

Hoppekreps er flotte greier. I 2018 skreiv Dag Hessen om «Norges viktigste dyr», raudåte (Calanus finmarchicus). I dag får du møte det viktigaste dyret i Arktis og fetteren til raudåta, hoppekrepsen med det lite flatterande namnet feitåte.

Under den arktiske havisen finn vi luke nummer 18. Foto: Kristina Øie Kvile

Feitåta (Calanus hyperboreus) er som du sikkert har gjetta rimeleg feit. Medan raudåta kan skilte med 2-3 mm lengde som vaksen, blir feitåta 6-7 mm. Det er omtrent som eit riskorn og gjer det lett å sjå og plukke ut feitåte fra ei planktonprøve utan å bruke lupe. I tillegg til å vere diger (til hoppekreps å vere) er feitåta svært fettrik. På slutten av vekstsesongen er mesteparten av kroppen fylt av eit omega-3 rikt fettlager. Difor er feitåta eit populært måltid for andre dyr, ei skikkeleg energi-bombe!

Foto: Roger Topp

Feitåta lever i nordlege hav-område der vekstsesongen er kort og vinteren er lang og mørk. Nett som isbjørnen går feitåta i dvale på vinteren, den sym ned på djupet og held seg i ro fram til neste vår. For å overleve vinteren bruker feitåta den produktive våren, når havisen har smelta og planteplanktonet blomstrar, til å ete og lagre mest mulig fett på kroppen. Og sidan vinteren kan komme brått i nord har feitåta ein svært fleksibel livssyklus: den kan gå i dvale på eit tidleg livsstadie og bruke opp mot 4-6 år på å utvikle seg frå egg til vaksen. Det er svært lenge til hoppekreps å vere!

Fettsekken til feitåta ser ut som ein lang pose i den gjennomsiktige kroppen. Foto: Kristina Øie Kvile

Feitåta er blant få hoppekreps som taklar det brutale miljøet i det sentrale polhavet. Difor har ein trudd at dei mest nordlege områda på kloden er feitåta sitt hovudområde. Men forsking leia av marinbiologene.no sin plankton-entusiast viser at feitåta er meir suksessrik og meir talrik i subarktiske område, altså i randen av polhavet der vekstsesongen er lenger og mattilgangen betre. Det vil seie at feitåta ikkje «høyrer heime» i det sentrale polhavet, men er ekstremt tilpassingsdyktig og kan overleve i dette tøffe miljøet om den må.

I galleriet under får du sjå korleis vi fangar feitåte og anna dyreplankton på tokt i Beauforthavet (foto av Roger Topp/Kristina Øie Kvile).

Med klimaendringane blir havområda i Arktis meir like det nordlege Atlanterhavet, med mindre eller ingen havis og dermed lenger vekstsesong for planteplankton. Dette er i utgangspunktet godt nytt for dyreplankton som lever av planteplankton, inkludert feitåta. Samtidig kan artar sørfrå flytte seg nordover og potensielt utkonkurrere feitåta. Og det er ikkje like lønnsomt å lagre masse fett når vinteren ikkje er så lang, så feitåta kan faktisk utvikle seg til å bli mindre og magrare (meir lik søskenbarna sine sørfra!). Til samman kan desse endringane føre til at det arktiske økosystemet blir mindre rikt på sunne fettsyrer som både vi og andre dyr i Arktis kan nyte godt av. Du kan lese meir om klimaendringar i Arktis her.


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr