Luke 7: Eit skummelt gap

07/12/2016

Har du snorkla eller dykka ved korallrev og blitt skremd av eit skummelt oppsyn som tittar ut av ein sprekk? Da har du nok møtt på dyret bak kalender-luke nummer 7. Men frykt ikkje, sjølv om Disney-versjonen av Den lille havfrue kan tyde på noko anna, kan du trygt opne denne luka også.

 

Det er mange ulike variantar av murener, denne blir kalla "honeycomb moray eel" på engelsk, inspirert av bivoks-mønster! Foto: Privat

Bak luke sju tittar denne skumle karen fram… Foto: Privat

 

Murener er ålefisk i familien Muraenidae, som lev i tropiske og subtropiske område over heile verda. Av dei omlag 200 artane finnast bare éin (Muraena helena) i Middelhavet, medan du må lengre avgarde for å møte andre murener. Med sitt spesielle, slangeliknande ytre er desse fiskane populære blant dykkarar. Om dagen gøymer dei seg i sprekker og hol, med hovudet stikkande nysgjerrig fram. Men om natta legg dei ut på jakt…

Murener varierer i lengde frå nokre titals centimeter til over tre meter. Kanskje den største, Strophidon sathete, lev i søraust-Asia og kan bli fire meter lang! Heldigvis er det små fisk og krepsdyr som står på menyen til Strophidon. For sjølv om det store gapet med skarpe hoggtenner kan sjå skummelt ut, er murener stort sett ufarlege for oss.

 

Det er uklart om fotograf eller motiv er mest skremd. Foto: Privat

Titt tei! Ei kvitøya murene tittar fram under ein stein i Thailand. Foto: Privat

 

MEN, desse fiskane har eit kraftig bitt som kan gi stygge infeksjonar eller i verste fall ein finger i minus. Det er ikkje lurt å prøve å mate murener frå handa (fleire “moray eel attack”-videoar på nettet syner kvifor…). Som med alle ville dyr er det viktig å vise respekt og halde avstand, så gjer dei det same.

I Disney-versjonen av Den lille havfrue er Ursula akkompagnert av to grøne murener som spionerer på Ariel for den skumle sjøheksa. Dei to ålane er oppkalla etter uttrykk for marint søppel, Flotsam og Jetsam, og er skikkelig ekle typar. Dei er så utrivelege at dei øydelegg sjølve høgdepunktet i filmen, då prins Erik endeleg skal kysse Ariel. Sjølv om vi synes filmen gir eit ufortent dårleg bilete av murener tar vi gjerne eit gjensyn med klassikaren. Kiss the girl!

 

 


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr