Luke 9: Ei felle på djupt vatn

09/12/2018

I det mørke djuphavet ventar ein open munn på neste offer. Om ei uheldig reke skulle våge seg inn lukkar gapet seg og reka har tatt sin siste symjetur. Hels på luke 9: rovkappedyret.

Før vi held fram med denne skumle djuphavs-sagaen må vi repetere litt systematikk. Kappedyr er ei gruppe tilsynelatande enkle dyr som kan minne om ein sekk eller ei tønne. Dei fleste kappedyr høyrer til gruppa vi kallar sjøpung eller sekkdyr på norsk. Dei lev sitt vaksne liv sitjande fast på havbotnen eller eit anna egna substrat, som båten til naboen. Salpar er ei anna gruppe kappedyr som lev fritt som plankton og kan danne lange kjeder. Kappedyr er ein underorden av ryggstrengsdyr, saman med lansettfisk og virveldyr. Så dei er faktisk i nærare slekt med pattedyr enn dei virvellause dyra dei kan minne om! Det er ikkje lett å sjå, for dei fleste kappedyr har ryggstreng bare som larve og mistar den i det vaksne “tønne-stadiet”.

 

Dei fleste kappedyr ser ut som små tønner og lev av å filtrere plankton.  Foto: Nick Hobgood/Wikimedia Commons.

 

Kappedyr har to opningar til å pumpe vatn inn og ut av kroppen. På den måten filtrerer dei i seg plankton-føde, på makeleg filter-eter-vis. Men eitt kappedyr har valt eit anna levelvis. Rovkappedyret Megalodicopia hians er nemleg ein nådelaus predator. Arten er beskrive frå Monterey Canyon utanfor California, der den lev på nokre få hundre til fleire tusen meters djup. Det sit fast på havbotnen med ein slags stilk, men det er den store “munnen” som skil rovkappedyret frå andre kappedyr. Om eit bytte skulle forville seg inn i munn-opninga lukkar den seg i ei fart, ein jaktteknikk som kan minne om den kjøttetande planten venusfluefangar.

Her ein videosnutt der sjølvaste Sir David Attenborough presenterer dagens kalender-luke:


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr