Nordens største akvarium: Den blå planet

06/03/2015

Du har sikkert høyrd at over 70 prosent av jorda er dekt av hav? Vi bor verkeleg på ein blå planet. I København kan du bli betre kjend med livet under vatn i det største akvariet i Nord-Europa, med det passande namnet Den blå planet. Her kan du møte elegante rokker, komiske havålar eller «søde havoddere». Om du rekk alt før stengetid, da!

Hammerhaien er ein av dei mange artane du kan møte på Den blå planet. Foto: Wikimedia Commons

Hammerhaien er ein av dei mange artane du kan møte på Den blå planet. Foto: Wikimedia Commons

 

Her på Marinbiobloggen har vi ein (til no svært kort) blogg-serie om akvarium i inn og utland. Førre besøk var Atlanterhavsparken i Ålesund, og denne gongen har vi vore i København. Akvariet Den blå planet ligg ikkje langt frå Kastrup lufthamn. Så om du bare er ein snartur innom Danmarks hovudstad er det fullt mogleg å rekke ein tur under vatn.

 

Den_Blå_Planet_(Kastrup)

Den blå planet er ein turistattraksjon både inne og ute. Foto: Wikimedia Commons

 

Den blå planet tok over for Danmarks Akvarium, København-akvariet som hadde opplyst danskar om «dyrenes adfærd og biologiske principper» sidan 1939. Ettersom åra gjekk vart dei gamle lokala for små, og i 2013 opna Den blå planet. Danmark kunne med det skilte med det største akvariet i Norden. Byggverket, som er inspirert av ein virvelvind, imponerer både frå ut- og innsida. Så om reisefølgjet ditt er meir interessert i arkitektur enn fisk kan Den blå planet likevel vere verdt turen.

Innanfor dørene er Den blå planet delt inn i ulike avdelingar, som Det kalde vatnet, Regnskogen, Oseanet og Afrikas sjøar. Det mest imponerande var, etter mitt syn, den fire millionar liter store osean-tanken. Her kan ein beundre fleire artar bruskfisk, som hammerhai, sebrahai (Stegostoma fasciatum), wobbegonghaiar (fam. Orectolobidae), piggrokker og «gitarfisk» (fam. Rhinobatidae). I tillegg sym ein mengde andre tropiske fisk rundt blant dei levende korallreva. Det er rett så ein får lyst til å finne fram dykkar-utstyret og hoppe uti!

 

blueplanetray

I den største tanken, Oseanet, regjerer haiar og rokker. Foto:Privat

 

Eg fekk derimot ikkje lyst til å bade i Regnskog-avdelinga. Det er heimen til piraja, grøn anakonda, og Amazonas-fisk med imponerande pondus, som malle og arawona (fam. Osteoglossidae). Arowana-fiskane var over meterlange, og stakk stadig snuten opp over overflata. Desse fiskane kan faktisk svelgje luft, men det såg mest ut som dei ville bykse opp og gulpe i seg ein stakkar marinbiolog. Takke seg til godt, gammaldags saltvatn!

Sjølv om dei store fiskane ofte får mest merksemd, kan det mest fascinerande vere i det små. Som sjødragar, fantastisk kamuflerte som tang og tare, eller havåler som tittar opp av sanden som små hattifnattar. Slike dyr er prakteksemplar på den utrulege variasjonen evolusjon skaper, og som vi må respektere og ta vare på. Eller, for å sitere mitt reisefølgje Elise, kvifor har ikkje desse dyra fått ein eigen Disney-film?

 

Red_Sea_Garden_Eel_-_Gorgasia_sillneri

Ein havål tittar opp av sanden. Foto: Wikimedia Commons.

 

Eit lite tips: Den blå planet har kveldsopent måndagar. Fram til klokka ni kan du utforske akvariet i ro og mak, og unngå barnefamilie- eller turist-rush. Men tida går fort, særleg om ein draumar seg bort framfor det blå. Vonde tunger på Tripadvisor skal ha det til at Den blå planet er overraskande lite, men det er ikkje tilfellet i nordisk målestokk. Sjølv måtte vi løpe gjennom Nordhav-delen og rakk ikkje ein gang å sjå oterane før s(t)engetid. Vi fekk i det minste tatt ein odder-selfie.

 

image001

 

Med dette oppfordrar vi deg til å ta turen innom den Blå planet neste gang du er i København. Gjort på ein forsvarleg måte meiner vi at akvarie som Den blå planet er viktige for folkeopplysning, noko som igjen kan føre til at vi tar betre vare på hava våre, den ekte blå planet. På tide med eit akvarie i Oslo, kanskje?

Har du besøkt eit akvarium du likte godt? Del dine tips med oss i kommentarfeltet under, eller i Facebook-gruppa vår.


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr