, ,

Pussig kjeks

02/12/2015
3 min read

Klumpete kropp, panser-hud og sugekopp. Fisken her er ein skikkelig raring!

Små rognkjeks er veldig søte, og overraskande gode til å klare seg på land! Foto: Kristina Kvile
Små rognkjeks er veldig søte, og overraskande gode til å klare seg på land! Foto: Kristina Kvile

Rognkjeksfamilien er ei gruppe fisk som finnast i både Atlanterhavet og Stillehavet. Mange av familiemedlemma er veldig små og søte! Det er også «vår» rognkjeks (Cyclopterus lumpus) når den er ung, men så blir den stor og klumpete, opp til 63 cm og 5,5 kg. Ho-fisken (rognkjeksa) blir størst, medan hannfisken (rognkallen) er litt mindre.

Som hos mange fisk er det rognkallen som tar seg av avkommet. Rognkjeksa stikk til havs med det same egga er lagd, men rognkall-pappa blir igjen som barnevakt, med sugekoppen godt planta i berggrunnen der egga ligg. Yngelen veks opp inne blant tang og tare, og reiser til havs etter eit par år. Når dei er kjønnsmodne vender dei tilbake til grunnare vatn for å gyte. Fisk flest har larvar som lev i ope vatn (pelagiske) og vaksne som er tilknytta havbotnen (bentiske), men rognkjeksa gjer det altså motsatt!

Medan rognkall-kjøtt skal vere godt, er rognkjeksa geléaktig og ikkje noko særleg. Likevel er tørka rognkjeks ei delikatesse på Island (men det er jo også fermentert hai…). I Noreg blir rognkjeks fiska for nettopp rogna, som stort sett blir eksportert til andre land. Rognkjeks-rogn er eit billegare alternativ til den eksklusive stør-rogna. Og sidan støren er kritisk truga på grunn av overfiske, er rognkjeks-rogn eit betre val.

 

Ei vaksen rognkjeks kan skremme dei fleste! Foto: Kristina Kvile

 

Dei siste åra har oppdrett av rognkjeks til laksenæringa blitt feit business. Rognkjeksa er nemleg glad i lakselus, og lusa er som kjend skadeleg for laksen. Rognkjeks kan vere eit godt alternativ til å bruke viltfanga leppefisk som pussefisk, sidan mengda leppefisk fanga til oppdrettsnæringa har skutt i vêret, utan at ein heilt kjenner konsekvensane av dette (les meir om det her).

Med sitt spesielle ytre er rognkjeksa ein pussig fisk! Foto: Wikimedia Commons
Med sitt spesielle ytre er rognkjeksa ein pussig fisk! Foto: Wikimedia Commons

 

Sjølv om rognkjeksa lev ut i dei opne havet er den ikkje så særleg god til å symje! Geléplankton som røyrer seg sakte kan difor vere ein grei middag. Men sjølv om rognkjeksa er ein vanleg fisk i norske farvatn vi veit ganske lite om ho. Kanskje det er nokon der ute som vil bli rognkjeks-forskar?

Innlegget du leser nå har tidligere vært publisert som en luke i Marinbiologenes julekalender.

De siste årene har vi stort sett bare vært (hyper)aktive på dette nettstedet rundt juletider. Fordi mange av de gamle julekalenderlukene inneholder mye spennende stoff, ønsker vi å poste dem på nytt, uten lukenummer og julekrydder :-)

Les mer

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

B Read More

Akvakultur21/05/2022

Blomkålkorall

I dette innlegget befinner vi oss blant de fascinerende nesledyrene, og vi skal se nærmere en skapning som hører til klassen koralldyr.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.