Finn fram danseskoa, bak luke 6 skjuler det seg eit marint diskotek!
Ribbemanetar er ikkje som manetar flest. Sjølv om dei kan minne om ”vanlege manetar” som glassmanet og brennmanet må du ikkje la deg lure: Ribbemanetar utgjer nemlig ei eiga rekke (Ctenophora), som er den høgste inndelinga av dyrelivet på jorda. Stormanetar (som glassmanet og brennmanet), saman med småmanetar, kubemanetar og korallar, er nesledyr og høyrer til rekka Cnidaria. Den eksakte plasseringa av ribbemanetar i livets tre er omdiskutert, men nokre genetiske studie tyder på at ribbemanetane er systergruppa til alle andre dyr. Med andre ord skilde greina som gav opphav til ribbemanetar lag med greina som gav opphav til alle andre dyr for veldig, veldig lenge sida! Men eit studium publisert i år konkluderte med at svampar, ikkje ribbemanetar, mest sannsynlig er systergruppa til alle andre dyr.
Uansett evolusjonær plassering, her er nokre fun facts som vil imponere i årets juleselskap:
- Medan stormanetar sym ved å trekke saman musklar bruker ribbemanetar ”ribbene” av flimmerhår langs sidene for å flytte på seg (eller ”kammar” som i det svenske og engelske namnet kammanet/comb jelly). Når lys blir reflektert i flimmerhåra oppstår eit fargerikt lys-spel som gjer maneten om til ei disko-kule under vatn!
- I motsetnad til andre manetar skiftar ikkje ribbemanetar mellom to livsstadium som fastsitjande polypp og frittsymjande manet, men blir fødde som fiks ferdige manetar.
- Mange ribbemanetar har lange tentaklar som dei bruker til å fange bytte, tilsynelatande på same måte som andre manetar. Men ribbemanetar manglar neslecellene som gjer at vi svir oss på brennmanetar. Dei har i staden ein anna type celler (colloblaster) som gjer at byttet blir limt fast.
- Tre ribbemanetar lev i norske farvatn: agurkmanet (Beroe cucumis), lobemanet (Bolinopsis infundibulum) og sjøstikkelsbær (Pleurobrachia pileus). I tillegg blir den nordamerikanske lobemaneten (Mnemiopsis leidyi) rekna som invaderande i Noreg.
Ribbemanetar er effektive predatorar, så effektive at ribbemanet-oppblomstringar kan vere eit problem. I Svartehavet har introduksjonen av den amerikanske lobemaneten fått skulda for nedgang i fiskebestandar. Lobemaneten jaktar nemlig både på fiskelarvar og på dyreplankton som den vaksne fisken et, og er dermed både predator og konkurrent. Også her heime har ribbemanetar blitt skulda for å skape trøbbel, til dømes for fiskarar i Nord-Troms for to år sidan.
Heldigvis har ikkje lobemaneten like gode vekstvilkår her i det kalde nord som i Svartehavet, men klimaendringar kan betre livsgrunnlaget for invaderande ribbemanetar her også. Interessant nok kan agurkmaneten, som jaktar på andre ribbemanetar, vere med å halde bestandar av invaderande artar nede. Filmsnutten under viser ein ribbemanet som hiv innpå ein annan ribbemanet som om det var reine julemåltidet. Kanskje du får lyst til å ta ein tur på dansegolvet også?