Er du glad i stekt egg til søndagsfrokosten? Kva med å prøve noko nytt neste helg: stekt egg-manet? Ikkje overbevist? Sjå bak luke 8, så endrar du kanskje meining!
“Fried egg jellyfish” er det engelske namnet på to ulike manetar, Phacellophora camtschatica og Cotylorhiza tuberculata. Det dei har til felles er nettopp at dei liknar på stekte egg. P. camtschatica er den største av dei to, og er vanleg i kalde område i både Atlanterhavet og det austlege Stillehavet. Den ser ut som ei gul eggplomme omkransa av lys eggekvite. Det gule er eigentleg gonadar, altså kjønnskjertlar. P. camtschatica kan bli 60 cm i diameter med opp til seks meter lange tentaklar. Litt større enn det vanlege søndagsegget altså!
“Kaldtvannsegget” P. camtschatica bruker som andre nesledyr «nesleceller» i tentaklane til å fange mat. Neslecellene fungerar som små harpunar og kan vere giftige (les meir her). Nokre manetar er skikkelig giftige, også for oss. Men P. camtschatica har så svak gift at den ikkje ein gong skremmer bort blindpassasjerar! Ein studie frå 2006 fann nemleg fleire hundre små krabbe-larvar og tanglopper sitjande på éin enkelt manet. Dette gagna delvis maneten sidan krabbe-yngelen åt andre parasittar. Samtidig fråtsa blindpassasjerane både i mat som dei stjal frå tentaklane til maneten, og på tentaklane sjølv. Høyres ut som ei dårlig ordning for vår eggete venn!
Den andre stekt-egg-maneten, Cotylorhiza tuberculata, trivast i varmare vatn enn P. camtschatica, og er vanleg i Middelhavet. Den blir opp mot 35 cm i diameter, og er som “storebror i nord” ufarleg for menneske. Men sjølv om dei to manetane del namn er dei ikkje i nær slekt. Middelhavs-maneten er nemleg ein lungemanet, som i motsetnad til andre manetar manglar tentaklar. Til gjengjeld har dei fleire armar, åtte i staden for fire. Lungemanetar er ofte vakre og fargerike. C. tuberculata har ei glatt overflate med ei raudleg “eggeplomme” i midten, og blå-lilla utvekster på armane. Den blå-lilla fargen kjem frå alge-symbionter som lev og fontosytetsiserer i maneten. Her kan du sjå fleire vakre bilete av Middelhavs-egget.
Er du freista til å prøve C. tuberculata til søndagsfrokosten? Manetar er ikkje vanleg kost utanfor Asia, men det kan (kanskje?) vere på frammarsj blant moderne og framtidsretta hipsterar (les meir her). Om du vil vere med på bølgjen er C. tuberculata kanskje eit godt alternativ – alle manetar som blir brukt til mat er nemleg lungemanetar! Stekt-egg manet til frokost er kanskje ikkje så utenkeleg likevel?