05/08/2016
Det blå hav husar ein utruleg variasjon av livsformer, frå store pattedyr til ørsmå mikroorganismar. Marin sopp er ein relativt ukjend del av livet i havet, men ny forsking viser at sopp er både viktige marine miljøagentar og ei lovande kjelde til stoff for medisin og industri.
Sopp er ikkje berre det vi plukkar i skogen om hausten, men ein viktig del av dei marine mikroorganismane. Foto: Kristian Seierstad.
Vi tenker vanlegvis på sopp som det vi plukkar i skogen om hausten, eller som muggen vi finn på gammalt brød eller fuktige badegolv. Det kan vere lett å gløyme at bittesmå mikroorganismar er ein del av soppriket saman med kantarell og steinsopp. Sopp er ei svært variert gruppe organismar (truleg rundt 1.5 millionar artar) som kan vere parasittar, nedbrytarar, eller symbiotiske samarbeidspartnarar, til dømes saman med algar eller blågrønbakteriar som lav eller med planterøter som sopprot (mykorrhiza). Ved å bryte ned organisk materiale er sopp viktige miljøagentar som resirkulerer næringsstoff i økosystema. Nokre soppartar er kjelde til stoff som kan nyttast i medisin eller industri (til dømes antibiotika eller gjærsopp), medan andre sjølv gir sjukdom hos plantar eller dyr.
Forskingsfelt i frammarsj
Medan artsrikdommen av sopp på land er relativt godt kjend (med omlag 75 000 beskrivne artar), er sopp framleis ein oversett, men fascinerande, del av det marine biomangfaldet. Truleg kjenner vi framleis ikkje storparten av dei marine soppartane. Marin mykologi (mykologi: studiet av sopp) er eit forskingsfelt i framvekst, der ein utforskar både artsrikdom og økologi, og korleis vi kan nytte marin sopp i bioteknologi.
Meistrar i nedbryting
Marin sopp har tilpassa seg ei rekke ulike miljø, og vi finn dei i alle tenkelege habitat. Nokre soppartar finn vi berre i bestemte marine miljø (såkalla endemiske artar), medan andre er aktive både på land og i vatn, eller er aktive på land og kan finnast i vatn i ei ikkje-aktiv form. I dei frie vannmassane finn vi trådliknande sopp som lever som plankton, men også artar som sitt fast på planteplankton eller andre flytande partiklar. Djuphavs-sopp må takle det høge trykket og dei låge temperaturane på fleire tusen meters djup. Her finnast sopp som lever av å bryte ned harde kitin- eller kalkbitar frå skjell og korallar.
Mykologar har lenge visst at sopp er viktige nedbrytarar i havet. Langs kysten lever dei fleste soppartane vi kjenner på tremateriale som har blitt skylt til havs. Men forskarar har òg isolert sopp frå ei rekke marine organismar, som korallar, svampar, skjell frå blautdyr, sjøgras, virvellause dyr og marine pattedyr! Sopp er verdsmeistrar i å bryte ned organisk materiale, også harde materiale der bakteriar må gi opp.
Ressurs for framtida
Sopp blir i dag nytta til ulike føremål innan industri og farmasi, som produksjon av enzym, antibiotika og vitamin. Allereie i 1945 oppdaga Giuseppe Brotzu det antibakterielle stoffet cephalosporin C frå den marine soppen Acremonium chrysogenum. Frå 1990-talet til i dag har eit aukande tal bioaktive stoff – stoff som har ein effekt på levande organismar – blitt oppdaga i marin sopp. Sidan dette enno er ei lite utforska og utnytta gruppe organismar innan bioteknologi, kan sopp frå havet skape mange teknologiske og medisinske framsteg i åra som kjem.
Dette blogginnlegget blei skrive av Maryia Khomich, som er PhD-kandidat ved Universitetet i Oslo. Maryia er mikrobiell økolog, og i PhD-prosjektet sitt forskar ho på sopp og andre mikroorganismar frå innsjøar i Noreg og Sverige. Teksten blei omsett frå engelsk av Kristina Kvile.
Lær meir om marin sopp:
Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile
Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet: