Luke 14: Kjært barn/fisk har mange namn

14/12/2020

Ukjend kjendis. Foto: Erling Svensen/Ocean Photo. Attgjeve med løyve.

Bak Luke 14 ligg det ein matkjendis som er ukjend for dei fleste…

Vi veit heller lite om denne djupvatnsfisken som oppheld seg bak dagens luke. Vassilda (Argentina silus) er sølvaktig i farge, har veldig store auge og ein liten munn med svake tenner. Muskelsegmenta er veldig framståande og tynnare enn i strømsild, med over 54 segmenter. Dei fleste nordmenn hadde ikkje kjent igjen vassilda om dei fikk den i garnet. Likevel er den blitt ete mykje av i norske hushaldningar. Dette er takka vere eit forskingsprosjekt på 70-tallet som handla om muligheitene for å lage mat av hittil ubrukt foredla havressursar. Då fant dei ut at vassild passa utmerka til fiskebollar og fiskekaker, på grunn av konsistensen til kjøttet.

Slik er vi betre kjend med vassild. Foto: Erik Helgeneset

På engelsk er vassilda kjent som “The Greater Argentine” eller “The Greater Silver Smelt”, men på norsk har vi ganske mange namn for den; vassild, kvitlaks, stamsild, stokksild, og gullaks. Denne fisken er verken ei sild eller ein laks! Som oftast blir den referert til som kvitfisk på ingredienslista til fiskekakene i kjøledisken. Den blir antakeleg heller ikkje skilt frå sin nærme slektning strømsild, Argentina sphyraena (tips for å huske dette latinske namnet: når du er sjøsjuk på fiskelabben og må spy kan du «spy-i-rena»). Å skilje desse to artane tek heller lang tid, då ein må anten sjå på forholdet mellom auge og snuten eller den sikrare måten – telje muskelsegmenta. Difor vert dette sjeldan gjort i praksis ombord i fiskebåtane.

Den eksakte utbreiinga til vassild er litt uklar, men den finst både på den austlige og vestlige delen av Nord-Atlanteren. Dei likar seg best i på djupet (200-600 m) som i Nordsjørenna og Færøyrenna, og trivst litt dårlegare på for eksempel platået. Vassilda er ein bentopelagisk art, som betyr at den lev og et nær havbotnen samt i den pelagiske sona, og bytte på både bunndyr og fri-symjande organismar.

Hofisken blir tidligare kjønnsmoden og blir lengre enn hannfisken. Alder ved første gyting er mellom 4-9 år, men vanlegvis på ca. 6 år. Gytesesongen er hovudsakleg i april-mai, og gytinga er dominert av fiskar over 20 år. Det er totalt mellom 30-35 årsklasser, så her er det dei eldre som formeira seg.

So neste gong du dreg på butikken for å kjøpe fiskekaker eller fiskebollar, ta ein ekstra kik på ingredienslista – no veit du kva «hvitfisk» er.


Denne luka blei skriven av gjesteforfattar Nina Strand

Nina studerer marinbiologi ved Universitetet i Bergen, noko som er ei fin forandring frå å vere landfast i Minnesota under bachelorgraden. Gjennom eit feltkurs i nordsjøen i haust fekk ho eit godt innblikk i vassilden sin biologi. Ein fisk ho so vidt hadde høyrt om frå før, difor var det ikkje så mykje tvil om kva ho ville skrive om.



Denne posten ble skrevet av: Marinbiologene


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr