Luke 24: Slangete julestjerne

24/12/2017

Illustrasjon av slangestjerner i Kunstformen der Natur, Haeckel (1904). Kjelde: Wikimedia Commons

Du grønne glitrende tre, god dag!
Velkommen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høyt i toppen den blanke stjerne!

Endeleg er dagen her, og du kan opne den siste luka i den marine julekalenderen! Der finn du ei julestjerne av det marine slaget, kanskje ikkje like blank og fin som den du har i juletreet, men minst like imponerande!

 

Vi har tidlegare møtt sjøstjerner i julekalenderen, men denne gongen har vi funne fram ei litt mindre kjend julestjerne. Med dei tynne, slangeaktige armane er kanskje ikkje slangestjerner like pene som sjøstjerner, men dei er på mange måtar det mest suksessfulle søskenbarnet i juleselskapet. Med over 2000 kjende artar er slangestjerner den mest artsrike gruppa pigghudar, framfor sjøstjerner (omlag 1500 artar), sjøpølser (1200-1400 artar) sjøpiggsvin/kråkeboller (omlag 1000 artar),  og med dei stakkars sjøliljene som familiens sorte får (omlag 700 artar).

 

Hos slangestjerner i slekta medusahode (Gorgonocephalus) deler dei fem armane seg fleire gangar til eit vakkert, forgreina system. Dette eksemplaret blei fotografert i Trondheimsfjorden av Kåre Telnes (seawater.no, gjengitt med tillatelse).

 

Sidan pigghudar ikkje har hjerne er det er nok få filosofiske diskusjonar i dette juleselskapet, men slangestjerner kan til gjengjeld danse veldig fort rundt juletreet! I staden for å bruke sugekoppar snor dei seg raskt framover ved å vrikke på dei tynne armane. Om dei skulle miste ei arm er det null problem, det er berre å lage ei ny! Visstnok kan armene fortsette å røre på seg etter å ha ramla av…. Skummelt! Og ikkje nok med det, nokre slangestjerner kan dele seg i to og bli to nye stjerner.

 

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Slangestjerner lev på havbotnen av dødt organisk materiale som ramlar ned fra oven, eller ved å filtrere plankton i vannsøyla (som artar i slekta medusahode). Arten Ophiothrix fragilis, “vanleg slangestjerne”, er som namnet røper, veldig vanleg i Atlanterhavet. Den er kjend frå Lofoten til Sør-Afrika, og kan i nokre tilfelle dekke havbotnen fullstending med så mange som 1000 individ per kvadratmeter! Filmsnutten under viser ei slik slangestjerne-samling.

 

 

Sjølv om slangestjerner er veldig kule er dette kanskje ikkje filmen som får fram den rette julestemninga… Så logg deg heller av internettet og nyt julaften med Disney, Askepott, reisen til julestjerna, eller kva det skulle vere!

God jul frå oss i marinbiologene.no! Takk til alle gjesteforfattarane som bidrog til å gjere denne kalenderen mogleg. Vi sjåast for eit nytt marint år i 2018!


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

10kr 20kr 30kr