, , , , , ,

Luke 10: Kraftkar på algediett

10/12/2016
3 min read

Mange kjenner seg ekstra tunge etter all julematen i desember, men få slår vekta til kjempemuslingen. Og medan vi veks oss store på juleribbe, pinnekjøtt og julekaker, satsar kjempemuslingen på ein diett av bittesmå algar for å maksimere vekta.

 

Av dei 10 ulike artane kjempemuslingar er Tridacna gigas den aller største. Kjelde: Rick Hankinson/ Wikimedia Commons
Kjempemuslingar er namnet på ei gruppe av 10 store musling-artar, der Tridacna gigas er den aller største. Kjelde: Rick Hankinson/Wikimedia Commons

 

Kjempemuslingen lev i det Indiske hav og Stillehavet, og er lett å kjenne igjen på det kraftige, folda skalet, som ligg delvis i skjul på korallrev. Blant 10 ulike kjempemusling-artar  er Tridacna gigas aller størst, denne giganten når truleg opp mot 300 kg! I 1817 dukka eit eksemplar av T. gigas opp utanfor Sumatra, med eit ytre skal på 137 cm og 230 kg. Dette er kanskje den største kjempemuslingen som nokon gong har vore observert.

Det er ikkje kraftig kjøttmat, men ein unik fusion-diett som ligg bak den høge vekta til kjempemuslingen. Medan muslingar flest, som blåskjellet her heime, livnærer seg ved å filtrere vatnet for partiklar, brukar kjempemuslingen to ulike strategiar: både filtrering og fotosyntese. Kjempemuslingen får i seg fotosyntetiserande algar ved å ete dei, men i staden for å fordøye algane blir dei verande i kroppsvevet (kapperanden) til muslingen. Dette samarbeidet er positivt for algen, som lev trygt inne i kapperanden, og for muslingen, som får mesteparten av energien sin frå fotosyntesen til algane.

 

Bittesmå algar lev i kroppsvevet (kapperanden) til kjempemuslingar og byttar næring frå fotosyntese mot beskyttelse hos muslingen. Kjelde: Nick Hobgood/Wikimedia Commons.

 

Også i kjønnslivet vil kjempemuslingar gjerne ha “både og”: dei er hermafrodittar som produserer både sperm og egg. Sjølv om dei dermed kan få barn med seg sjølv skjer ikkje dette, sannsynligvis fordi det er evolusjonært gunstig å blande genmateriale med andre individ. Kanskje for å hindre sjølv-befruktning slepp muslingane først ut sperm i vatnet, og seinare egg, samtidig som dei sender ut eit kjemisk signal som triggar andre muslingar til å gyte på same tid.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Nærbilete av kapperanden til kjempemuslingen Tridacna squamosa. Lyssensitive organ i kapperanden får kjempemuslingen til å lukke seg om det skulle vere fare på ferde. Kjelde: Nick Hobgood/Wikimedia Commons.

 

Tidlegare frykta folk at ein kunne bli fanga i det kraftige skalet til kjempemuslingen, men dette er nok bare ein myte. Visstnok lukkar kjempemusling-skalet seg for sakte til at det er fare for å bli sitjande fast. Som vanleg er det heller mennesket som utgjer ein fare for kjempemuslingen. Dei solide musling-skala har blitt brukt til det meste: våpen, økser, fliser, fontener, dekorasjon, badekar for småbarn… Ikkje minst er kjøttet fra lukkemuskelen sett på som ei delikatesse i Asia, og i Kina er det kjend som eit afrodisiakum (noko som for ein gang skuld kan ha noko for seg, les meir her). Dei mange bruksområda til kjempemuslingen har ført til eit hardt fiskeri og reduserte bestandar. Vi oppfordrar difor til å velge alternative, meir bærekraftige kjelder, om det er badekar, julemat, eller noko meir pirrande du er på jakt etter.

 

Skalet til kjempemuslingen har blant anna blitt brukt som døypefont. Kjelde: Daniel Villafruela/Wikimedia Commons
Skalet til kjempemuslingen har blant anna blitt brukt som døypefont, her frå ein katedral i den franske byen Nîmes. Kjelde: Daniel Villafruela/Wikimedia Commons

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Mer marint påfyll:

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.