
At naturen er i stadig krig med seg sjølv er ikkje noko nytt, og vi kjenner til at parasittar og virus er i eit evig våpenkapplaup med sine vertar. Gjennom evolusjon reiser vertene nye murar, og virusa finn nye vegar inn. Dette ville vanlegvis vore ein metafor i ei mikroskopisk verd, men når det kjem til nokre av verdas minste algar – kokkolittoforane – får metaforen ein ny, og særleis konkret, meining.
Denne krigen går føre seg i stor skala i alle verdshav, og dei enorme kalkmengdene som vert produsert har mange implikasjonar. Dei påverker karbonkrinslaupet i havet og atmosfæren på ein gjennomgripande måte, og etterkvart som skala synk og sedimenterar på havbotn bygg det seg opp lag på lag med kalk. Over millionar av år er det snakk om så store mengder at heile landmassar kan bli prega av kalksteinen som vert danna. Til dømes er «The white cliffs of Dover» hovudsakleg eit produkt av kokkolittar. Og kalkstein, det nyttast som kjend i sementproduksjon, og dimed til å byggje faktiske murar og reisverk i vår eigen makroskopiske verd. Ganske så konkret, altså.

Kjelder:
http://www.noc.soton.ac.uk/soes/staff/tt/eh/
Wikipedia
Historien om mikrokrigen kan høyrast på dei eminente podcastane til Radiolab:
http://www.radiolab.org/story/190284-war-we-need/
Dette innlegget er skrevet av gjesteblogger Erlend Kjeldsberg Hovland:
Erlend er 35 år og bur i Trondheim. Han arbeider i Miljødirektoratet der han mellom anna held på med naturtypedata og kartleggingsmetodikk i norsk natur på land. I ei fjern fortid tok han doktorgrad i marinbiologi ved NTNU og arbeidde då med kokkolittoforen Emiliania huxleyi og fjernmåling.