, , , , , ,

Luke 12: Verdas sterkaste dyr

12/12/2017
3 min read

Kven er verdas sterkaste? Den afrikanske elefanten, eller kanskje alfa-hannen i ein gorilla-flokk? Eller ville du satsa pengar på grizzly-bjørnen? Sjølv om vi har lite å stille opp med i nærkamp mot desse kjempene, er det faktisk eit bittelite krepsdyr som går av med sigeren som verdas sterkaste dyr!

Verdas sterkaste dyr kjem i mange fargar og fasongar, som i denne illustrasjonen av Ernst Haeckel frå 1904. Kjelde: Wikimedia Commons

Hoppekreps er ei gruppe krepsdyr som er veldig vanlege i både ferskvatn og i havet. Men sjølv om hoppekreps er blant dei mest talrike dyra på jorda, går dei under radaren til folk flest. Det er kanskje ikkje så rart, sidan hoppekreps flest ikkje er større enn eit par millimeter og lev i havet. Men det er ingen grunn til å undervurdere hoppekreps. Trass storleiken er dei ein essensiell del av økosystemet, som eit bindeledd mellom planteplankton og dyr høgare oppe i den marine næringskjeda. Her heime er hoppekreps i slekta Calanus viktige byttedyr for fisk som sild og makrell, for bittesmå torskelarvar og for kjempestore bardekvalar. Men ikkje alle hoppekreps er like populære: lakselusa som plagar oppdrettsnæringa er ein parasittisk hoppekreps.  

Hoppekrepsen ishavsåte (Calanus glacialis) er som slektningane raudåte (Calanus finmarchicus) og feitåte (Calanus hyperboreus) viktig føde for fisk og fiskeyngel i subarktiske og arktiske havområde. Foto: Kristina Kvile

Så korleis kan eit så lite dyr vere verdas sterkaste? Namnet hoppekreps kjem av måten hoppekreps flyttar seg på: Dei kan “hoppe” ein halvmeter i løpet av nokre tusendels sekund, som er ganske imponerande for ein millimeter-stor krabat i vatn. Med denne evolusjonære tilpassinga kan hoppekreps effektivt flykte frå dei mange predatorane som vil ete dei. Danske forskarar har rekna ut at i forhold til storleiken er ein hoppande hoppekreps 10 gongar sterkare enn det som er målt for noko anna dyr! Hoppekrepsen sitt hemmelege våpen er to ulike sett med bein som fungerer uavhengig. Det eine settet blir brukt til vanleg symjing, medan det andre settet blir brukt til flukt. Dermed kan hoppekrepsen spare kreftene i “fluktbeina” til det verkeleg trengs. Så elefanten Dumbo er kanskje inne på noko når han tar i bruk øyra til ekstra framdrift? Uansett, hoppekrepsen er framleis verdas sterkaste!

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Mer marint påfyll:

Les mer

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

B Read More

Akvakultur21/05/2022

Blomkålkorall

I dette innlegget befinner vi oss blant de fascinerende nesledyrene, og vi skal se nærmere en skapning som hører til klassen koralldyr.

K Read More

Akvakultur14/12/2020

Kjært barn/fisk har mange namn

I dagens post ligg det ein matkjendis som er ukjend for dei fleste…

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.