Med dei tynne, slangeaktige armane er kanskje ikkje slangestjerner like pene som sjøstjerner, men dei er på mange måtar det mest suksessfulle søskenbarnet i familieselskapet.
Med over 2000 kjende artar er slangestjerner den mest artsrike gruppa pigghudar, framfor sjøstjerner (omlag 2000 artar), sjøpølser (1200-1400 artar) sjøpiggsvin/kråkeboller (omlag 1000 artar), og med dei stakkars sjøliljene som familiens sorte får (omlag 700 artar).
Sidan pigghudar ikkje har hjerne er det er sannsynligvis få filosofiske diskusjonar i dette familieselskapet, men slangestjerner kan til gjengjeld vinne dansegolvet! I staden for å bruke sugekoppar snor dei seg raskt framover ved å vrikke på dei tynne armane. Om dei skulle miste ei arm er det null problem, det er berre å lage ei ny! Visstnok kan armene fortsette å røre på seg etter å ha ramla av…. Skummelt! Og ikkje nok med det, nokre slangestjerner kan dele seg i to og bli to nye stjerner.
Slangestjerner lev på havbotnen av dødt organisk materiale som ramlar ned fra oven, eller ved å filtrere plankton i vannsøyla (som artar i slekta medusahode). Arten Ophiothrix fragilis, “skjørslangestjerne”, er veldig vanleg i Atlanterhavet. Den er kjend frå Lofoten til Sør-Afrika, og kan i nokre tilfelle dekke havbotnen fullstending med så mange som 1000 individ per kvadratmeter! Filmsnutten under viser ei slik slangestjerne-samling.