Du har sikkert høyrt om krill, krepsdyret som Noreg med Røkke i spissen trålar etter i Sørishavet? Bak dagens kalender-luke blir du betre kjend med denne lille, men viktige krabaten.
Krill er krepsdyr i ordenen Euphausiacea. Dei liknar på små reker, men medan rekene vi kjenner best (djupvassreke) held seg nære havbotnen og et ymse “restemat”, er krill plankton som filtrerer i seg planteplankton og anna mindre plankton oppe i vass-søyla.
Som mange andre dyr i havet kan krill produsere sitt eige lys! Kva dei bruker lyset til veit vi ikkje sikkert. Kanskje til å snakke saman? Forskarar har nemleg oppdaga at om dei festar blinkande lys på plankton-håven fangar dei mykje meir krill enn vanleg. Kanskje hindrar dette lyset krillen i å bruke eigne lyssignal til å åtvare kvarandre om den skumle håven? Ein annan hypotese er at lyset fungerer som kamuflasje. For ein predator som lurar i det mørke djuphavet er det nemleg vanskelegare å få auge på krill lenger oppe i vass-søyla om dei imiterer sollyset ovanfrå.
Mange dyr vil ete krill, men krillen har fleire ess i ermet. Dei er nemleg meistarar i “vertikal døgn-vandring”. På dagen, når det er lyst øvst i vass-søyla, gøymer dei seg nede i mørket. Men når mørket senkar seg sym krillen opp for å beite på planteplankton nær overflata. Massive krill-svermar som flyttar seg hundrevis av meter opp og ned har store ringverknadar. Krill som fråtsar i planteplankton som nattmat og bæsjar i djuphavet dagen derpå påverkar faktisk karbonkretsløpet og dermed klima! Og i år viste forskarar at krill og andre “vertikalvandrarar” blandar vatnet i havet, med ein effekt som kan samanliknast med vind og tidevatn! Denne blandinga er viktig både for lagring av karbon i djuphavet (og altså klima) og for å frakte opp næringsstoff som planteplankton treng for å vekse.
Som du har skjønt er krill viktige, ikkje minst som byttedyr. I Sørishavet spelar ein art, Euphausia superba, ei nøkkelrolle som mat for fisk, sel, sjøfugl og store kval som blåkval. Algar som veks i og rundt havis er viktig mat for antarktisk krill, så klimaendringar og mindre is er dårleg nytt for arten. Før vi veit meir om kor robuste krill er i møte med klimaendringar er det difor viktig at krill-fiskeriet er strengt regulert. Vi håper òg at verdas største marine verneområde i Weddellhavet blir vedtatt, noko som dessverre ikkje skjedde i haust (Noreg si rolle fekk mykje merksemd, men regjeringa meiner dei handla rett). Heldigvis er det framleis håp. Forskingskipet Kronprins Haakon sette 1. desember kursen mot Antarktis for å samle kunnskap som kan vere med å støtte verneområdet. Vi ønsker forskarar og mannskap om bord ei triveleg adventstid og eit lærerikt tokt på nyåret!