, , , , , , , ,

Luke 5: Ei krill, og ei til

05/12/2018
3 min read

Du har sikkert høyrt om krill, krepsdyret som Noreg med Røkke i spissen trålar etter i Sørishavet? Bak dagens kalender-luke blir du betre kjend med denne lille, men viktige krabaten.

Antarktisk krill (Euphausia superba) blir bare 6 cm stor men speler ei viktig rolle i Sørishavet. Foto: NOAA NMFS SWFSC Antarctic Marine Living Resources (AMLR) Program, Flickr Creative Commons (CC BY 2.0).

 

Krill er krepsdyr i ordenen Euphausiacea. Dei liknar på små reker, men medan rekene vi kjenner best (djupvassreke) held seg nære havbotnen og et ymse “restemat”, er krill plankton som filtrerer i seg planteplankton og anna mindre plankton oppe i vass-søyla.

Som mange andre dyr i havet kan krill produsere sitt eige lys! Kva dei bruker lyset til veit vi ikkje sikkert. Kanskje til å snakke saman? Forskarar har nemleg oppdaga at om dei festar blinkande lys på plankton-håven fangar dei mykje meir krill enn vanleg. Kanskje hindrar dette lyset krillen i å bruke eigne lyssignal til å åtvare kvarandre om den skumle håven? Ein annan hypotese er at lyset fungerer som kamuflasje. For ein predator som lurar i det mørke djuphavet er det nemleg vanskelegare å få auge på krill lenger oppe i vass-søyla om dei imiterer sollyset ovanfrå.

 

Storkrill (Meganyctiphanes norvegica) er ein av tre krillartar som er vanlege i norske farvatn. Foto: Øystein Paulsen-MAR-ECO, Wikimedia Commons.

 

Mange dyr vil ete krill, men krillen har fleire ess i ermet. Dei er nemleg meistarar i “vertikal døgn-vandring”. På dagen, når det er lyst øvst i vass-søyla, gøymer dei seg nede i mørket. Men når mørket senkar seg sym krillen opp for å beite på planteplankton nær overflata. Massive krill-svermar som flyttar seg hundrevis av meter opp og ned har store ringverknadar. Krill som fråtsar i planteplankton som nattmat og bæsjar i djuphavet dagen derpå påverkar faktisk karbonkretsløpet og dermed klima! Og i år viste forskarar at krill og andre “vertikalvandrarar” blandar vatnet i havet, med ein effekt som kan samanliknast med vind og tidevatn! Denne blandinga er viktig både for lagring av karbon i djuphavet (og altså klima) og for å frakte opp næringsstoff som planteplankton treng for å vekse.

 

Mindre is rundt Antarktis er dårleg nytt for krill. Foto: Christopher Michel, Flickr Creative Commons (CC BY 2.0)

 

Som du har skjønt er krill viktige, ikkje minst som byttedyr. I Sørishavet spelar ein art, Euphausia superba, ei nøkkelrolle som mat for fisk, sel, sjøfugl og store kval som blåkval. Algar som veks i og rundt havis er viktig mat for antarktisk krill, så klimaendringar og mindre is er dårleg nytt for arten. Før vi veit meir om kor robuste krill er i møte med klimaendringar er det difor viktig at krill-fiskeriet er strengt regulert. Vi håper òg at verdas største marine verneområde i Weddellhavet blir vedtatt, noko som dessverre ikkje skjedde i haust (Noreg si rolle fekk mykje merksemd, men regjeringa meiner dei handla rett). Heldigvis er det framleis håp. Forskingskipet Kronprins Haakon sette 1. desember kursen mot Antarktis for å samle kunnskap som kan vere med å støtte verneområdet. Vi ønsker forskarar og mannskap om bord ei triveleg adventstid og eit lærerikt tokt på nyåret!

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Mer marint påfyll:

Les mer

E Read More

Diverse02/09/2022

Edelgras

I dag skal du få møte et gress, som for mange millioner år siden, turte å gå sin egen vei. Et gress som ikke brydde […]

N Read More

Bærekraft19/07/2022

Norges viktigste dyr

Norges viktigste dyr er ikke elg eller sau, ja ikke engang laks, men hoppekrepsen raudåte.

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.