06/12/2017 Diverse, Formidling, Forskning, Julekalender, Marinbiologi, Økologi agurkmanet, Beroe cucumis, Bolinopsis infundibulum, colloblast, Ctenophora, Kristina Kvile, lobemanet, Mnemiopsis leidyi, nordamerikansk lobemanet, Pleurobrachia pileus, ribbemanet, sjøstikkelsbær Ingen
Finn fram danseskoa, bak luke 6 skjuler det seg eit marint diskotek!
Lysshowet til ribbemaneten Bolinopsis infundibulum er sannsynligvis eit vanleg syn i det nord-atlantiske havdjupet. Foto: Wikimedia Commons/NOAA.
03/12/2017 Diverse, Formidling, Julekalender, Marinbiologi, Økologi Arktis, bearded seal, Erignathus barbatus, havis, klimaendringer, Kristina Kvile, sel, storkobbe, Svalbard Ingen
Bak luke 3 i vår marine julekalender finn vi ein skikkelig hipster: Erignathus barbatus, eller storkobbe på norsk. Erignathus tyder “kraftig kjeve”, medan barbatus kjem av dei lange vêrhåra til storkobba som ser ut som skjegg (derav namnet “skjeggsel” på engelsk, tysk og fransk). Når vêrhåra tørker etter ein dukkert krøller dei seg opp til flotte hipster-bartar. Rett nok er ikkje bartane bare til pynt, storkobba bruker dei til å leite etter lekre krepsdyr og skjell på havbotnen. Etter å ha rota etter mat i sedimenta på havbotnen får storkobba ein karakteristisk rustaud farge i fjeset. Denne fargen er ekstra flott mot den kvite havisen og gjer at storkobba definitivt er den hippaste selen i Arktis!
Storkobba har avlang kropp og lite hovud. Denne storkobba har den typiske rustraude fargen i fjeset etter å ha gravd etter mat på havbotnen.
Foto: Wikimedia Commons/NOAA
07/04/2017 Livet i Oslofjorden, Marinbiologi, Økologi Flabellina lineata, Flabellina pedata, frynsesnegl, Kristina Kvile, nakensnegl, nakensnegle, nudibranchia, Oslofjorden Ingen
Nakensneglen Flabellina pedata er lett å kjenne igjen på den lilla fargen. Foto: Rune Edvin Haldorsen.
For mange fritidsdykkarar er nakensneglar det aller største. Rett nok er dei som oftast ikkje så omfangsrike, så ein treng litt trening for få auge på desse vakre dyra. Men når du har teknikken på plass opnar det seg ei ny verd av fargar og fasongar!
18/12/2016 Diverse, Julekalender, Marinbiolog, Økologi gift, havslanger, Kristina Kvile, Laticauda, Pelamis platurus, sjøslanger, slanger Ingen
Har du slange-fobi? Tror du at til sjøs er du i alle fall trygg? Der tok du feil!!! Bli med bak kalender-luke 18, sannsynligvis den skumlaste i år…
Ein havslange symjer opp til overflata for trekke pusten. Kjelde: Craig D.
14/12/2016 Diverse, Forvaltning, Julekalender, Marinbiolog, Marinbiologi, Økologi hai, hvalhai, Indonesia, kjempe, Kristina Kvile, kvalhai, migrasjon, økoturisme Ingen
Denne illustrasjonen viser kor stort dyret bak dagens luke er. Om lag som ein middels rutebuss. Kjelde: Wikimedia Commons/Fishbase.org
Bak luke nummer 14 har vi pressa inn den største fisken vi fann. Men sjølv om ein hai så stor som ein kval kan verke skremmande, minner denne giganten meir om Roald Dahl sin Store Vennlige Kjempe.
12/12/2016 Diverse, Fiskeri, Forskning, Forvaltning, Fysiologi, Julekalender, Marinbiologi, Økologi Altantisk soldatfisk, dyphavsfisk, dyphavsøkologi, Kristina Kvile, orange roughy, overfiske, slimehead, undersjøiske fjell Ingen
Bli med ned i det mørke djuphavet og møt ein fisk som kan ha levd samtidig som tippoldemora di!
Bak julekalenderluke nummer 12 skjuler det seg ein fisk som liker seg nede i det mørke djuphavet og som kan bli overraskande gammal… Illustrasjon: Wikimedia Commons.
10/12/2016 Bærekraft, Diverse, Fiskeri, Fysiologi, Julekalender, Marinbiologi, Økologi afrodisiakum, fotosyntese, kjempemusling, Kristina Kvile, mikroalge, symbiose, Tridacna gigas Ingen
Mange kjenner seg ekstra tunge etter all julematen i desember, men få slår vekta til kjempemuslingen. Og medan vi veks oss store på juleribbe, pinnekjøtt og julekaker, satsar kjempemuslingen på ein diett av bittesmå algar for å maksimere vekta.
Kjempemuslingar er namnet på ei gruppe av 10 store musling-artar, der Tridacna gigas er den aller største. Kjelde: Rick Hankinson/Wikimedia Commons
07/12/2016 Diverse, Julekalender, Marinbiologi, Økologi ål, bitt, Den lille havfrue, dykking, gap, Kristina Kvile, Muraenidae, murene Ingen
Har du snorkla eller dykka ved korallrev og blitt skremd av eit skummelt oppsyn som tittar ut av ein sprekk? Da har du nok møtt på dyret bak kalender-luke nummer 7. Men frykt ikkje, sjølv om Disney-versjonen av Den lille havfrue kan tyde på noko anna, kan du trygt opne denne luka også.
03/12/2016 Diverse, Julekalender dyphavsøkologi, fjærestjerner, korallrev, Kristina Kvile, levende fossil, sjøliljer Ingen
Bak kalender-luke nummer tre har vi gøymd noko som minner om eit juletre, men som eksisterte lenge før det dukka opp trær på jorda. Og sjølv om det elegante namnet høyres ut som noko frå blomsterbutikken, er desse skapningane i slekt med sjøpølser, og ikkje liljer.
Sjøliljer ser ut som plantar, men er eigentleg ei dyregruppe som eksistert i fleire hundre millionar år. Kjelde: Wikimedia Commons/NOAA Photo Library
03/11/2016 Diverse, Evolusjon, Forskning, Fysiologi, Marinbiologi, Økologi celledeling, Emiliania huxleyi, flageller, kokkolittofor, Kristina Kvile, livssyklus, mikroalge, virus Ingen
Virus er noe vi mennesker gjerne forbinder med influensasesong og andre kjipe ting. Men virus spiller en langt viktigere rolle for livet på jorda enn bare å lage overskrifter i Dagbladet – våpenkappløp mellom virus og vert har trolig påvirket utviklingen av de fleste arter som har eksistert. Vi flercellede organismer har et komplisert immunforsvar beregnet på virusbekjempelse. Men hvordan kan en éncellet mikroalge beskytte seg mot virus? Og er det noen vits i å beholde forsvarsmekanismen hvis det er lite sannsynlig å bli angrepet?
Svar på disse spørsmålene kan man finne ved å studere kjærlighetslivet til en slik mikroalge – kokkolittoforen Emiliania huxleyi.
Dette elektronmikroskopi-bildet av Emiliania huxleyi viser tydelig kokkolittene, de vakre kalk-skjellene som omslutter cellen. Kilde: Wikimedia Commons/PLoS Biology June 2011