Luke 1: Seglande krigar

01/12/2018

Endeleg er årets marine julekalender her! Bak første luke finn vi eit tilsynelatande harmlaust vesen som eigentleg er ein koloni av svært giftige dyr. Om du hamnar på kollisjonskurs med dette skipet gjeld det å styre unna i tide…

 

Eit stranda portugisisk krigsskip. Foto: Francis Mariani, Flickr/Creative commons

 

Du har kanskje høyrt om den giftige maneta portugisisk krigsskip? Strengt tatt er ikkje dette ei enkel manet, men ein koloni av småmaneter som heng fast i ein felles stamme. Øverst på stammen er det ein luftsekk som fungerer som eit segl. Individa (polyppane) i den seglande kolonien er som mannskapet på ei ekte skute, og tar seg av ulike oppgåver som matauk, forsvar og reproduksjon.

Om du er trofast følgjar av julekalenderen hugsar du kanskje den vakre bidevindseglaren. Bidevindseglar og portugisisk krigsskip er begge det vi kallar blæremanet eller kolonimanet. Men medan bidevindseglaren er ufarleg for menneske er det portugisiske krigsskipet ingen spøk! I dei lange tentaklane under “skipet” er det tett med nesleceller, som skyt ut ein tråd full av gift når dei treff eit bytte. Eit møte med desse tentaklane betyr gjerne døden for små fisk. Sjølv om dødsfall hos menneske er sjeldne, kan gifta gi ein svært smertefullt og potensielt farleg allergisk reaksjon.

 

Denne illustrasjonen viser to portugisiske krigsskip i sitt naturlege habitat. Foto: Wally Gobetz, Flickr/Creative commons

 

Heldigvis for oss her nord seglar portugisisk krigsskip stort sett i varme farvatn i Middelhavet, Det indiske hav, Stillehavet og Atlanterhavet. Men som andre maneter kan ikkje krigsskipet styre sin eigen kurs og må følgje havstraumane. Dermed kan det stundom dukke opp lenger nord. I den varme 2018-sommaren fekk fleire engelske strender besøk av krigsskipet, og med klimaendringar og varmare hav aukar sjansen for besøk langs Norskekysten. Portugisiske krigsskip har ikkje mange fiendar, men ein blå drage (ein annan kjenning frå julekalenderen) har spesialisert seg på å ete denne arten. Men om du håper dragen kan redde deg frå smertefulle manet-treff er det greit å vite at dragen tar opp gift frå krigsskipet og blir giftig sjølv! Så her gjeld mantraet: Bare sjå, ikkje røre!

 

Gifta i tentaklane til portugisisk krigsskip kan vere farleg for menneske. Foto: Mike Johnston, Flickr/Creative commons


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

10kr 20kr 30kr