Luke 12: Kokkolittoforen – krigar og byggherre

12/12/2015

Årlege blømingar av kokkolittoforar i Barentshavet kan farge sjøen grøn og blakk over område større enn heile Storbritannia til saman. Desse kan sjåast tydeleg frå rommet!

Årlege blømingar av kokkolittoforar i Barentshavet kan farge sjøen grøn og blakk over område større enn heile Storbritannia til saman. Desse kan sjåast tydeleg frå rommet! (Foto: NASA)

At naturen er i stadig krig med seg sjølv er ikkje noko nytt, og vi kjenner til at parasittar og virus er i eit evig våpenkapplaup med sine vertar. Gjennom evolusjon reiser vertene nye murar, og virusa finn nye vegar inn. Dette ville vanlegvis vore ein metafor i ei mikroskopisk verd, men når det kjem til nokre av verdas minste algar – kokkolittoforane – får metaforen ein ny, og særleis konkret, meining.

Elektronsveipmikrografi av eit virus som har hefta seg til overflata til kokkolittoforen Emiliania huxleyi. Det lille viruset er berre om lag 180 nanometer breitt og kan sjåast på cella til høgre i biletet. [Dr Keith Ryan, Marine Biological Association & Dr Willie Wilson, Plymouth Marine Laboratory, via Genome Research Limited /CC-BY-3.0]

Elektronsveipmikrografi av eit virus som har hefta seg til overflata til kokkolittoforen Emiliania huxleyi. Det lille viruset er berre om lag 180 nanometer breitt og kan sjåast på cella til høgre i biletet. [Dr Keith Ryan, Marine Biological Association & Dr Willie Wilson, Plymouth Marine Laboratory, via Genome Research Limited /CC-BY-3.0]

Kokkolittoforane dannar nemleg tette skjold av kalk, såkalla kokkolittar, som forsvar mot virusåtak, men dei er berre delvis effektive. Og når ei celle døyr av at viruset formeirar seg inni i ho og vert til mange før dei bryt seg ut, så frigjev cella eit kjemisk signal som åtvarar andre celler i vannmassane om at ein invasjon er på veg. Som reaksjon forsterkar dei andre kokkolittoforane bolverka sine og produserar endå større mengder med skal. Desse frigjevast og hopar seg opp i vatnet, til det ser ut som nokon har helt melk i sjøen.

Denne krigen går føre seg i stor skala i alle verdshav, og dei enorme kalkmengdene som vert produsert har mange implikasjonar. Dei påverker karbonkrinslaupet i havet og atmosfæren på ein gjennomgripande måte, og etterkvart som skala synk og sedimenterar på havbotn bygg det seg opp lag på lag med kalk. Over millionar av år er det snakk om så store mengder at heile landmassar kan bli prega av kalksteinen som vert danna. Til dømes er «The white cliffs of Dover» hovudsakleg eit produkt av kokkolittar. Og kalkstein, det nyttast som kjend i sementproduksjon, og dimed til å byggje faktiske murar og reisverk i vår eigen makroskopiske verd. Ganske så konkret, altså.

Dovers kvite klipper er i hovudsak danna av sedimenterte skall frå kokkolittoforar. Ganske imponerande av ein liten fyr på omkring ein hundredel av ein millimeter stor!

Dovers kvite klipper er i hovudsak danna av sedimenterte skall frå kokkolittoforar. Ganske imponerande av ein liten fyr på omkring ein hundredel av ein millimeter stor!

Kjelder:

http://www.noc.soton.ac.uk/soes/staff/tt/eh/

Wikipedia

Historien om mikrokrigen kan høyrast på dei eminente podcastane til Radiolab:

http://www.radiolab.org/story/190284-war-we-need/


Dette innlegget er skrevet av gjesteblogger Erlend Kjeldsberg Hovland:
Erlend er 35 år og bur i Trondheim. Han arbeider i Miljødirektoratet der han mellom anna held på med naturtypedata og kartleggingsmetodikk i norsk natur på land. I ei fjern fortid tok han doktorgrad i marinbiologi ved NTNU og arbeidde då med kokkolittoforen Emiliania huxleyi og fjernmåling.


Denne posten ble skrevet av: Marinbiologene


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr