På tokt i Barentshavet – igjen!

17/10/2014

Lurer du på korleis det står til med livet i Barentshavet? Kvart år undersøker norske og russiske forskarar dette i det store Økosystemtoktet. Her kan du lese reisebrevet frå fjorårets tokt og spennande landgang på Bjørnøya. Men om du vil vite kva sjøuhyret i Barentshavet fanga i år må du lese vidare!

 

Bli med på tokt til Barentshavet!

Bli med på tokt til Barentshavet!

 

Kvart år undersøker Havforskingsinstituttet smått og stort i Barentshavet, det nordlege havområdet nord for Noreg og Russland. Sidan eg jobbar med plankton frå dette området fekk eg, i år som i fjor, vere med for å lære korleis informasjon om plankton blir samla på tokt (du kan lese meir om kva plankton er her). 13. august la vi frå kai i Tromsø og retta baugen nordover. Etter litt sjø dei første dagane fekk eg sjøbeina godt planta, og kunne vere med på moroa! Det var nemleg eit  sjøuhyre om bord klar til aksjon…

 

Mocness i aksjon

Mocness’en er klar til dyst.

 

Moc’en kommer!

To ulike reiskap blir brukt til å samle plankton på økosystemtoktet. Det eine er ein finmaska håv som blir dratt loddrett frå sjøbotnen til overflata (eit «vertikaltrekk»). Denne prøva gir eit bilete av den totale mengda plankton i eit område. Den andre reiskapen er ein såkalla «Mocness». Den blir dratt horisontalt etter skipet og har opp til åtte nett som blir utløyst og lukka igjen på ulike djup. Denne prøva gir dermed informasjon om fordelinga av plankton på ulike djup. Det blir også mykje meir plankton å jobbe seg gjennom enn ved eit vertikaltrekk. Så det er kanskje ikkje så rart at Mocnessen på mange måtar minner om eit sjømonster?

Sorteringssamfunnet

Når planktonprøva er ombord står sorteringsarbeidet for tur. Halvparten av prøva blir lagt på formalin for å seinare bli artsbestemt på land. Den andre halvparten blir opparbeida om bord. Først blir den, ved hjelp av siler med ulik maskevidde, splitta i tre ulike grupper. I dei to minste fraksjonane (>180 mikrometer og 1-2 mm) dominerer hoppekreps, og i det sørvestlege Barentshavet er det særleg mykje av arten Calanus finmarchicus, raudåte. Frå den største gruppa (>2 mm) skal vi sortere og telje individ i dei ulike dyregruppene. Her hamnar krill, amfipoder (tanglopper), store hoppekreps, pilormar og mykje anna spennande. Dei vanlegaste artane skal både artsbestemmast og lengdemålast. Her må mikroskopet fram!

 

Det er til tider utrulege mengder av raudåte (Calanus finmarchicus) i fangsten.

 

 

Hoppekreps i mikroskop: Her er ulike livsstadier av Calanus finmarchicus, saman med den større slektningen Calanus hyperboreus (i midten til høgre), og rov-hoppekrepsen Paraeuchaeta (oppe til venstre).

 

Pauseunderhaldning

Når sorteringsarbeidet er ferdig skal planktonet over i små skåler og bli tørka i varmeskap slik at ein seinare kan måle tørrvekt av dei ulike planktongruppene. Båten køyrer vidare til neste måle-stasjon, og vi ombord har litt tid til overs. Kanskje trengs det hjelp på fiske-laben, og ein kan få helse på litt større dyr enn det vi får i plankton-prøvene…

 

Marinbiologenes tokt-representant blir litt skremd når denne rognkjeksen brått seier hei. Den var litt større enn det vi får i plankton-prøven!

Marinbiologenes tokt-representant blir litt skremd når denne rognkjeksen brått opnar gapet og seier hei.

 

…Eller ein kan kikke nærare på alt det interessante å som dukkar opp under mikroskopet…

 

Gjennom mikroskopet skjønner ein kvifor tanglopper (amfipoder) visstnok skal ha vore inspirasjon for Alien-filmane.

 

Innimellom får vi uvanlege plankton-funn, og eit ekte mysterium dukka opp ein av dei siste dagane eg var ombord: ein veldig aktiv sak som sumde rundt utan stans. Det likna på ei tanglus (isopode), som er flattrykte krepsdyr som finnast både på land og i vatn. Nokre djuphavs-isopoder kan bli enormt store, visstnok opp mot 80 cm!, og vere eit ganske skremmande syn! (Unngå å bilde-søke «Giant isopod» om du har insekt-fobi…) Men mysteriet vårt likna ikkje på noko vi fann i bøkene.

Eit plankton-mysterium er løyst

Etter nokre veker på land er eg for lengst i kvardagsmodus framfor PC-skjermen. Med eitt tikkar det inn ein epost frå tokt-kollega Jan Henrik. Han tok med seg plankton-mysteriet heim, og har no løyst det! Det er Eurydice grimaldii, ein pelagisk isopode. Den lev altså fritt i vatnet, og ikkje på havbotnen slik mange marine isopoder gjer. Den lille krabaten er truleg oppkalla etter prins Albert den første, som høyrde til Grimaldi-familien og levde frå 1848 til 1922. Ved sidan å vere prins var han også marinbiolog og oseanograf, og reiste sjølv på fleire tokt, både i Middelhavet, men også heilt nord til Svalbard. I tillegg til isopoden er faktisk eit landområde på Svalbard, Albert 1-land, oppkalla etter han. Ein skikkelig marinbiologisk prins, med andre ord!

 

Eurydice grimaldii - 10 copy - 2

Eit plankton-mysterium er løyst: Her er Eurydice grimaldii, ein isopode på nokre få millimeter frå Barentshavet. Takk til Jan Henrik for biletet!

 

Om du vil lese meir om Økosystemtoktet i Barentshavet kan du sjå på dette innlegget frå i fjor, eller besøke sidene til Havforskningsinstituttet. God tur!


Denne posten ble skrevet av: Kristina Kvile


Synes du vi gjør en god jobb? Du kan støtte arbeidet:

50kr 200kr