, , , , , ,

Luke 14: Raudlister og rettskriving

14/12/2015
3 min read

Bak luka i dag skjuler det seg ei skate som kan bli over 100 kilo. Storskata er den einaste fisken som i følgje Norsk rødliste for arter 2015 er kritisk truga. Kvifor er den truga og kva har kampen mot orddelingsfeil med dette å gjere?

Ulike strategiar

Før me ser på kvifor bruskfisken storskate (Dipturus batis) er på raudlista, må me sjå korleis ein beinfisk – sild – fører sine genar vidare. I gytetida på våren, når silda er tre-fire år gamal, samlar dei seg i store stimar og sprutar ut skyer av rogn og mjølke. Årets gytebestand legg igjen omtrent ein million tonn rogn og mjølke utanfor kysten vår. Det aller meste av dette døyr eller blir ete av andre dyr. Ungane får med seg ein liten matpakke, og så må dei sigle sin eigen sjø. Med andre ord, unge og uansvarlege sildeforeldre.

Storskater derimot, gjer det på ein annan måte. Det går mange år før dei er kjønnsmogne, og hoene er gjerne over 60 kilo før dette skjer. Hannane er utstyrt med to store forplantningsorgan (såkalla klasperar), og har altså i likskap med menneska indre befruktning. Barneproduksjonen er difor langt frå tilfeldig, slik det er hjå silda.

Storskate-hann. Legg merke til paringsorgana på begge sider av halen. Foto: S. Iglésias/Nature.com

Etter at egget er befrukta inne i mora, vert eggkapselen lagt på havbotnen. Som biletet under syner, legg storskata store egg. Det kraftige eggeskalet beskyttar ungen mot predatorar, og larven får med seg ein solid matpakke som vert kalla plommesekk.

Stort skate-egg: storskate-egg. Foto: D. Benson/glaucus.org.uk

Strategien slår feil
I millionar av år har det lønt seg for storskater å bli store og gamle før dei parar seg, men forholda i havet er endra. Garn, liner og trålposar skaper trøbbel, og desse reiskapane kan fange alt frå eggkapslar til nyklekte ungar og vaksne. Det har ikkje vore tradisjon med direktefiske etter storskater i Noreg, men mange har likevel blitt fanga som bifangst. Mange nok, tydeligvis.

Sjeldnare enn antatt
Det er påvist 13 ulike skateartar i Noreg, og fleire av desse kan bli store. Det er vanskelig å skilje artane, og i norsk fiskeristatistikk vert skater stort sett samla under namnet ’skater og rokker’. Med eit unntak. Rundt seks tonn av den årlege skatefangsten vert levert med eit artsnamn på fangstsetelen – storskate. Korleis kan den minst vanlege skatearten vera den mest vanlege i fiskeristatistikken? Forklaringa kan på eit vis ligge i rettskriving. Særskrivingsfeil, eller det mange kallar orddelingsfeil, får konsekvensar i dette tilfellet. Det er langt frå uvanleg å få ei stor skate, men storskater er det langt mellom!

Dermed har ein trudd at storskata var vanlegare enn den i realiteten er. Også utanfor Noreg vert arten utsett for eit språkleg puss. På den globale raudlista er den oppført som kritisk truga og har det noko ironiske engelske namnet ’Common skate’.

Her er larven og matpakken til ein annan art, isskate. Hjå enkelte skateartar ligg eggkapselen på havbotnen i tre år før dei klekker!
Her er larven og matpakken til ein annan art, isskate. Hjå enkelte skateartar ligg eggkapselen på havbotnen i tre år før dei klekker!
Lukeforfattaren med ei av dei to storskatene som er godt dokumentert i Noreg dei ti siste åra. Den blei fanga i garn utanfor Karmøy tidlegare i haust. Foto: G. Sætra/Havforskningsinstituttet
Lukeforfattaren med ei av dei to storskatene som er godt dokumentert i Noreg dei ti siste åra. Den blei fanga i garn utanfor Karmøy tidlegare i haust.
Foto: G. Sætra/Havforskningsinstituttet

Dette innlegget er skrevet av gjesteblogger Arve Lynghammar:

Arve har en doktorgrad i marinbiologi fra UiT Norges arktiske universitet, som fortsatt er hans arbeidsplass. Han er over gjennomsnittlig kunnskapsrik når det gjelder fisk. Han og noen venner har inntil nylig hatt fiskipedia.no oppe å gå, men grunnet et alvorlig hackeangrep er siden nå nede. Marinbiologene oppfordrer folk til å hjelpe dem med å få den fantastiske siden på nett igjen: https://www.facebook.com/Fiskipedia-241158732679943/ 


 

Start the conversation

Let's start a personal, meaningful conversation.

Example: Practical philosopher, therapist and writer.

Link copied to your clipboard

Mer marint påfyll:

Les mer

T Read More

Bærekraft14/06/2022

Tungvektar på havisen

Havmonster som rusar seg på morgondugg eller fascinerande kjempe? Møt det allsidige dyret som blant anna hjelpte vikingar å slå seg ned på Grønland!

B Read More

Akvakultur24/05/2022

Blå skog

Tareskogen er mangfoldig og eventyrlig, og faktisk en del av løsningen på et av de mest alvorlige problemene Jorda står ovenfor.

B Read More

Akvakultur21/05/2022

Blomkålkorall

I dette innlegget befinner vi oss blant de fascinerende nesledyrene, og vi skal se nærmere en skapning som hører til klassen koralldyr.

Akvakultur14/12/2020

Luke 14: Kjært barn/fisk har mange namn

Bak Luke 14 ligg det ein matkjendis som er ukjend for dei fleste…

Begin typing your search above and press return to search. Press Esc to cancel.